SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kommunehistoria i Leikanger

Kommuneadministrasjonen held til i Tinghus I. (Foto © Anders Nedland Røneid)
Kommuneadministrasjonen held til i Tinghus I. (Foto © Anders Nedland Røneid)
Leikanger kommune vart skipa ved innføringa av formannskapslovene i 1837.

Publisert 20.11.2002 10:21. Oppdatert 27.10.2006 13:46.
Kommunen omfatta då - forutan noverande kommune - Balestrand vest til Målsnes, Fjærland, og bygdene Vangsnes, Feios, Fresvik og Frønningen på sørsida av Sognefjorden. Også ein snipp på nordsida av fjorden - Tingastad på halvøya der Sogndal lufthamn ligg - høyrde til Leikanger.
Første ordførar var oberstløytnant Christian Gahrup Meidell frå 1838 til 1839.

Balestrand utskild

I 1849 vart Balestrand utskild som eigen kommune, og tok då med seg bygdene frå og med Eitorn og vestover, samt Vangsnes på sørsida. Sokneprest og dåverande ordførar i Leikanger, Harald Ulrik Sverdrup var pådrivaren for å få skilt ut Balestrand. Han skreiv fleire purrebrev om frådelingssaka til amtmann og departement, og vart sjølv første ordføraren i den nye kommunen.
Etter denne reguleringa gjekk kommunegrensa for Leikanger aust for Eitorn, gjorde ein sving ned til stranda eit stykke inne i Fjærlandsfjorden der Leikanger-folk hadde slåtteteigar, gjekk høgste fjellryggen mot Sogndalsdalen i nord og sørover til Sognefjorden att like vest for Fatlaberget. Dessutan var den vesle snippen med Tingastad (sjå ovanfor) med. På sørsida høyrde Frønningen og Simlenes ved Aurlandsfjorden med, likeså Fresvik, Borlaug og Feios heilt vest om garden Hatlaviki.

Nynorsk i 1906

Nynorsk vart innført som administrasjonsmål i 1906, då lærar Nils Tjønn (1860-1920) frå Feios var ordførar.

Nye reguleringar

Ved kommunereguleringa i 1964 fekk Leikanger tillagt grendene heilt vest til Fjærlandsfjorden frå Balestrand kommune - dvs. Eitorn krins. Tingastad vart lagt til Sogndal.
Neste frådeling frå Leikanger kommune kom i 1992, då Feios, Borlaug og Fresvik vart fråskilde til Vik, og Frønningen gjekk til Lærdal.

Tinghusa i Leikanger

Leikanger kommune kjøpte i 1938 ein del av sorenskrivargarden på Systrond og bygde det første av i alt tre "tinghus".

Byråkratiet er hovudnæring

Statleg og fylkeskommunal forvaltning er hovudnæringa i Leikanger: Av 1.100 sysselsette i heile kommunen i 2002, arbeidde 700 personar i byråkratiet, medan 400 var i privat næring. Sjå Sogn og Fjordane fylke.

Politisk leiing:
· Ordførarar i Leikanger kommune



MEIR OM LEIKANGER 
Leikanger kommune

 
Aviser og media i Leikanger
Historia i Leikanger
Industri og næring i Leikanger
Kjende personar i Leikanger
Kommunehistoria i Leikanger
Krigshistoria i Leikanger
Kyrkjer i Leikanger
Samferdsle i Leikanger
Skular i Leikanger
Verd å sjå i Leikanger

 
Lyd frå Leikanger
Video frå Leikanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no