Joachim de Knagenhjelm var jurist og hadde sidan 1760 gjort teneste som fullmektig hos den aldrande stiftsamtmannen i Bergen, Ulrik Fredrik de Cicignon. Knagenhielm var såleis stiftamtmannen sin næraste medarbeidar og fortrulege.
Gamlingen var inderleg takksam for at Knagenhielm ville avlaste han med oppgåver. Han sa heller ikkje imot då Knagenhielm starta kampanjen for å verte amtmann sjølv - og få sitt eige "spesialsydde" amt i heimetraktene! - Tvert imot: Det kunne gjere kvardagen for han sjølv lettare om han slapp ansvaret for fogderia i "nordfylket".
Joachim de Knagenhielm starta i 1762 brevskriveria sine til kongen i København. Først prøvde han seg med eit forslag om å dele arbeidsoppågåvene innan stiftsamtet med Cicignon: Gamleguten kunne få stelle med det som galdt tilhøvet til kyrkja, medan han sjølv kunne ta seg av resten av amtsforvaltninga i heile stiftsamtet. At han hadde stor lyst på amtmannstittelen, forstår vi når vi høyrer at han baud seg til å gjere arbeidet som amtmann gratis så lenge Cicignon levde! Men i København brydde dei seg ikkje ein gong å svare på framlegget frå Knagenhielm.
I ei ny purring i juni 1763 fekk endeleg Knagenhielm det som han ville og vart amtmann. Men no hadde han gått bort frå ideen om deling av amtmannsfunksjonane innanfor Bergens Stiftsamt: No bad han like godt kongen om å dele stiftsamtet i to og la Knagehielm få den nordre delen av amtet - altså Sogn og Fjordane. Dette gjekk kongen i København med på.
Såleis er fylkeseininga Sogn og Fjordane, slik vi kjenner den i dag, ein administrativ konstruksjon som vart skapt eine og åleine for å tilfredsstille ein ambisiøs ung mann frå Kaupanger som så inderleg gjerne ville verte amtmann!
Amtmannen som flytta heim til mor
Eit av kronargumenta til Knagenhielm var at ei deling ville skape meir nærleik mellom amtmannen og folket.
Men då Knagenhielm endeleg hadde fått det som han ville, var han tydelegvis ikkje særleg oppteken av passarhol og geografiske midtpunkt i sitt nye "rike": Han flytta heim til Kaupanger - i det søraustre hjørne av amtet - og busette seg på familiegodset. Den ugifte amtmannen flytta bokstaveleg tala heim til mor.
Derfrå styrde han Nordre Bergenhus Amt til 1771, då han fekk eit "mildt spark bak" og vart flytta nordover til amtmannsstillinga i Nordland. Grunnen var at Knagenhielm-
slekta på den tida åtte store deler av Sogn (sjå m.a. Hyllestad og Gulen kommunar), og amtmann Knagenhielm kom støtt og stadig i dobbeltrolle som embetsmann og stor jordeigar.
Tilbake til Bergen
Straks Joachim de Knagenhielm vart flytta nordover i 1771, tok den nyutnemnde amtmannen i Nordre Bergenhus, Magnus Theite, bustad att i Bergen. Og frå Bergen vart Nordre Bergenhus Amt styrt heilt fram til 1840.
Amtmannen på Lærdalsøyri
I 1840 fann amtmann
Christian Ulrik Kastrup ut at han ville busetje seg på Lærdalsøyri. Lærdalsøyri var på den tida for ein liten småby å rekne, med mykje handel og handtverk.
Like før Kastrup flytta, hadde presten
Peder Pavel Aabel gjort framlegg om at den veksande småbyen i Lærdal skulle få bystatus. Dette vart utgreidd, men ikkje gjennomført.
Bortsett frå eit kort intermesso mellom 1844 og 1850, då amtmann Hans Tostrup budde i Kaupanger, budde amtmannen på Lærdalsøyri heilt til 1864.