|
Utsyn mot Øvre Amla frå Amlabukti ved Nedre Amla. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Heiberg-slekta har vore knytt til Amla-gardane sidan 1690. Den første Heiberg som kom dit, kjøpte ein forholdsvis beskjeden gard, men frå 1722 vart store jord- og skogvidder lagt til då folk som no hadde flytta ned til garden Nedre Amla ved fjorden selde unna eigedomane sine i øvre del av bygda.
Gardane i øvre og nedre Amla har mykje felles historie, og er også knytt sterkt saman med historia til
Kaupanger Hovedgård:
Gardane i Amla var midt på 1600-talet eigd av den rike adelsmannen og riksråden Iffuer (Iver) Wind, som også hadde hand om Kaupanger og Stedje-godsa.
I 1690 selde Anders Feddersen garden Lillejorden til sorenskrivar Gert Anderssøn Heiberg, som dermed vart stamfar til Heiberg-slekta i Amla. Men før Heiberg-godset tok den form og storleik som det har i dag, var det Klingenberg-slekta som rådde over det meste av jordvegen i Amla.
Etter at Michael Falch og kona Mette Marie Heiberg på 1720-talet hadde samla dei store eigedomane i Øvre Amla, heldt dei fram med å sanke jordisk gods. I 1852 var det Hans Knagenhjelm Heiberg som sat med garden, men då han kom att frå militærteneste var huset ribba.
Men Hans Knagenhjelm Heiberg vart korkje rådlaus eller motlaus. Han sette i gang for å samle mest mogeleg av dei tapte familieklenodia tilbake til garden. Han skipa "Det Heibergske Portraitgalleri paa Amblegaard".
Men samleiveren gjekk langt vidare enn til å sanke tilbake det som var flytta frå garden, og til slutt var det fullt frå loft til kjellar.
I 2003 har museet ei samling av kring 50 antikvariske hus og kring 50.000 gjenstandar. Biblioteket innheld 30.000 bøker. De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er eit av dei største musea på Vestlandet.
På 1700-talet var det fleire medlemer av dei velståande slektene Klingenberg, Falch og Heiberg i Amla som reiste til Grønland for å drive handel.
|
Amlasteinen. (Foto: NRK) |
På tunet i Øvre Amla står ein bautastein som vart funnen like aust for gardstunet.