SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogndal:

Adels- og embetsgardar på rekkje og rad

Utsyn frå Amla mot Kaupanger Hovedgård og sagbruket. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
Utsyn frå Amla mot Kaupanger Hovedgård og sagbruket. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
Ingen stader i fylket er det registrert så mange adelsgardar - eller setegardar - som i Sogndal.

Publisert 07.04.2003 11:15. Oppdatert 13.06.2003 12:23.
I tillegg til det mest kjende Kaupanger-godset, var det i høgmellomalderen (1200-1300) såkalla setegardar for stormannsætter både på Slinde, Stedje og Kvåle - truleg også på Eggum. Størst var Slinde og Stedje.

På Åberge og Fimreite stod det også private kyrkjer på denne tida. Det tyder på at det budde storfolk på desse gardane og.
Mykje av jorda på Eggum, Fimreite og Åberge vart delt ut til kyrkjelege institusjonar før 1350.

Kaupanger Hovedgård

· Futen Gjøde Pederssøn vert godseigar
· Kaupanger og Stedje vert adelsgods
· Skogen skapte rikdomen
· Kaupanger sete for første amtmannen
· Gardstunet brenn
· Største sagbruk på Vestlandet
· Kaupanger Sag og Høvleri
· Leiglendingar i skog og på sagbruk

Storgarden på Kvåle

Rike gravfunn frå omlag 600 e. Kr. viser at Kvåle har vore ein storgard heilt frå eldre jernalder. Også på Rutlin like ved er det gjort funn etter ein gard.

Slinde-godset

Slinde-godset var i mellomalderen eit av dei store jordegodsa i indre Sogn. Noregs mest kjende tre må vere Slindebjørka som stod på toppen av ein gamal gravhaug, Hydneshaugen, på Slinde.

Fimreite-gardane

Sjølv om sjøbukta ved Fimreite vart vald som valplass for slaget mellom Magnus V Erlingsson og kong Sverre Sigurdsson i 1184, er det ingen spor som tyder på at bygda var sete for storfolk før på 1500-talet. Då er Fimreite eigd av folk med røter i den norske adelen.

Storgarden Stedje

Stedje ligg på sørsida av utløpet til Sogndalselva. På garden er det gjort rike fornfunn som viser at det har budd rikfolk der alt i bronsealdertida. Alt i mellomalderen var Stedje såkalla adeleg setegard.

Amla-gardane

Heiberg-slekta har vore knytt til Amla-gardane sidan 1690. Gardane i øvre og nedre Amla har mykje felles historie, og er også knytt sterkt saman med historia til Kaupanger Hovedgård.

Kapteinsgarden Hovland

Garden Hovland ligg på Kaupangerskogen. Hovudbygningen frå 1700-talet viser at her har budd folk frå det øvre sosiale skiktet i Sogn.

Munthe-garden i Årøy

Ein av dei store eigedomane i Sogndal er Årøy. Den vart frå midten av 1600-talet hovudsete for Munthe-slekta si grein i Sogn og Sunnfjord.

Nagløyri

Garden på elvesletta ved utløpet av Årøyelva kallast Nagløyi. Den heitte opphaveleg Bruavoll.

Laksefisket i Årøy

Årøyelva er den korte og fosserike elva som kjem frå Hafslovatnet og renn ut inst i Barsnesfjorden. Den strie straumen er truleg grunnen til at det har avla seg fram ein spesielt kortvaksen og kraftig laksetype.

Fint folk på Kjørnes

På Kjørnes (også skrive Kjødnes) på austsida av Sogndalsfjorden, ligg eit gamalt, freda herskapshus.

Sorenskrivargarden på Loftesnes

Eit av dei vakraste og mest velproporsjonerte husa i Sogn og Fjordane frå 1700-talet, er den gamle sorenskrivarbustaden ved Loftesnessundet. Det gamle tunet på garden stod på ein haug bak herskapshuset.

Fjærland eigd av futar og storfolk

Mykje av dei beste jordviddene i Fjærland var på 1600- og 1700-talet eigd av rikmannsslekter og futar.

Sognafuten budde i Sogndal

Frå 1530 var det den dansk-norske kongen sine futar som styrde lokalforvaltninga. Dei første 100 åra var Sogn samla i eitt futedøme. Då budde futen på gardar i Sogndal.

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no