Gjøde Pederssøn selde Kaupanger i 1636 til riksråd Iffuer (Iver) Wind til Nørholm.
Wind var adelsmann og lensherre på Lister - difor denne tilleggstittelen "til Nørholm". Han slo under seg enorme eigedomar fleire stader i landet. Desse kjøpte han frå danskekongen, som hadde kome i pengenaud etter mange krigar.
(På same vis var det også at København-bispen Hans Svane fekk hand om
Svanøy-godset i Sunnfjord - ved å kjøpe det frå ein forgjelda konge.)
Iffuer Wind fekk gjort Kaupanger og Stedje til adelege setegardar den 10. mai 1636 - slik
Svanøy-godset i Sunnfjord vart gjort til setegard og adelsgods i 1685.
I 1646 vert det nemnt at det under Kaupanger og Stedje var 24 såkalla "ugedagsbønder". Dette var leiglendingar på adelsgods som hadde arbeidsplikt på setegardane/ adelsgardane. I tillegg kom sjølvsagt ei mengd tenestefolk som arbeidde på sjølve storgarden.