|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Sogndal: Største sagbruk på Vestlandet | Dei store fureskogane har gjeve god inntekt til Kaupanger-godset. (Foto: Atle Løkken, NRK) |
Frå første tid var dei mektige fureskogane den viktigaste inntekta til Kaupanger-godset. Store oppgangssager langs Kaupangerelva skar tømmeret, og ein stor del av jekteflåten på Sognefjorden vart hyrt inn for å frakte skurlasta frå "Knakasagi" til kjøparane i Bergen. Publisert 07.04.2003 14:40. Oppdatert 13.06.2003 12:01. | (Foto: Atle Løkken, NRK) |
Dei beste åra for skogsdrifta var åra kring 1800 og fram til 1807 og åra frå 1860 og utover. Ei av dei verste nedgangstidene for sagbruka i Sogn var krigsåra frå 1807 og utover til 1820, då Napoleons-krigane herja Europa.
Medan dei første oppgangssagene frå 1500-1600-talet berre hadde eitt enkelt skjæreblad, bygde ein på 1800-talet oppgangssager med fleire blad. Den øvre oppgangssaga på Kaupanger fekk sett inn heile ni blad kring 1850.
På jektekaia vart det bygt ei kassesag, og i 1929 vart det bygt ei "lokomobilsag", driven med damp. Då det gamle sagbruket brann i 1936, vart Kaupanger Sag og Høvleri bygt av Christen Knagenhjelm IV.
| Sagbruket og Kaupanger Hovedgård i 2003. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Når det var arbeid i skogen eller på garden i onnene, vart husmennene tilsagde for pliktarbeid.
Straks Nils Knagenhjelm (f. 1920) tok over som eigar av Kaupanger hovedgård i 1949, avvikla han husmannsvesenet.
Garden vert i dag (2003) eigd og driven av Christen og Randi Knagenhjelm.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|