Reiste som 20-åring til Tyskland og utdanna seg ved kunstskular i m.a. Düsseldorf. Han vart buande i utlandet all sin dag, og vart ein av dei mest kjende norske kunstmålarane i utlandet i si tid. Målarstilen hans er også mykje meir "kontinental" enn hans samtidige norske kunstnarar.
Ludvig Munthe vart medlem av akademia både i Stockholm og København, og den tyske regjeringa utnemnde han til titulær professor. I Dusseldorf heldt han eit gjestfritt og ope hus for kunstnarar frå heimlandet.
Han vart fekk Olavsordenen i 1881, Leopoldordenen i 1876 og franske Æreslegionordenen i 1878.
Eit bilete som han stilte ut på verdsutstillinga i Paris i 1878 med tittelen "Vinteraften ved den norske kyst", gav han til Nasjonalgalleriet i Oslo.
Far til Gerhard Ariel Ludvig Morgenstierne Munthe og
Christopher Caspar Andreas Munthe. Begge vart kunstmålarar. Den første vart landskapsmålar og slo seg ned i Haag, den andre i Årøy.
|
"En høstdag" av Ludvig Munthe. (© Blomqvist) |