Johannes Sigfred Andersen (1898-1968) også kalla "Gulosten". Frå Austlandet. Motstandsmann under 2. verdskrig.
Oppnamnet "Gulosten" hadde Andersen fått som ungdom på ein forbetringsanstalt. Eit mislukka smuglarraid i forbodstida m.a. saman med forfattaren Athur Omre gjorde han landskjend.
Ei tid gjekk det rykte om at han var medlem av Nasjonal Samling, noko som vart brukt mot partiet. Dette vart avsanna i partiavisa "Hirdmannen" i 1941.
Andersen kom tidleg med i motstandsarbeidet under 2. verdskrig og utførte ei av dei første likvideringane i Noreg hausten 1940.
Att og fram frå London
Rømde våren 1941 til England via Sverige, og vart medlem av Kompani Linge. Han vart send tilbake til Austlandet for å trene sabotørar, men var uforsiktig og vanskeleg å samarbeide med, og heimefronten ville ikkje ha noko med han å gjere. Han kom tilbake til London, der m.a. kong Haakon VII sette pris på evnene hans til å fortelje historier, vert det sagt. Resten av krigen tenestegjorde han i den norske marinen.
Kona avretta
Ektemaken hans, Ruth Johanne Andersen, vart avretta av nazistane i juni 1944.
Etter frigjeringa i mai 1945 skaut "Gulosten" to tyske offiserar som var internerte i ein samleleir i Vadheim. Bakgrunnen for hendinga skulle vere at "Gulosten" ville skaffe seg brennevin frå leiren, men vart nekta tilgjenge til varene av dei to offiserane. Saka enda med påtaleunnlating, noko m.a. den kjende legen Johan Scharffenberg protesterte imot.