SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Aurland kommune:

Absalon Pedersøn Beyer

Absalon Pedersøn Beyer (1528-1575). Teolog, lærar, forfattar og historikar.

Publisert 27.02.2001 13:34. Oppdatert 26.01.2007 08:48.
Fødd i Skjerdal i Aurland, og ligg gravlagd ved Vangen kyrkje. Absalon vart foreldrelaus då han var seks år gamal og vart send til onkelen i Bergen. Der gjekk han på latinskule til han var 15 år.

Oppvakt gut

Den protestantiske bispen Gjeble Pedersøn la merke til den oppvakte guten og tok han til seg. Beyer vart ein av dei første norske teologane som var utdanna i den lutherske læra. I 1544 vart Absalon send til universitetet i København der han studerte i fem år. Frå 1549 studerte han under den kjende protestanten Filip Melanchton i Wittenberg, og tok magistergraden der i 1551. I 1552 reiste han tilbake til Bergen og gifte seg med ei syster til studiekameraten, lagmann Søren Pederssøn; Anne Pedersdotter frå Trondheim.

Rektor og slottsprest

Beyer vart lektor ved Bergen Katedralskole i 1553. Frå 1557 til 1564 var han også rektor ved katedralskulen. I 1560 vart han notarius ved Bergen domkapitel, og frå 1566 også slottsprest på Bergenhus.

Første norske dramatikaren

Som skjønnlitterær forfattar oversette han utanlandske skodespel, og skreiv sjølv og fekk framført ”Adams fall” som første norske teaterframsyning 1562. Beyer vert rekna som den første teaterregissøren i Noreg. Bergens Kapitelsbok” (også kalla ”Absalon Pedersøns Dagbok”) som han skreiv i åra mellom 1552 og 1572, er eitt av dei viktigaste kjeldeskrifta i kultur- og sosialhistorie frå 1500-talet. Han skreiv også ”Oration om Mester Geble” – ei hylling til Gjeble Pedersøn som var velyndaren hans i oppveksten.
Storverket til Absalon Pedersøn Beyer er likevel historieverket ”Om Norgis Rige”. Dette er det første store topografisk-historiske verket om Noreg. I tillegg til Noregs historie skildrar Beyer også dagleglivet i landet i si samtid i dette verket som vart til etter oppmoding frå slottsherre Erik Rosenkrantz.

Enkja vart brend som heks

Enkja etter Absalon Pedersøn Beyer, Anne Pedersdotter, vart skulda for trolldom medan mannen levde, men vart då frikjend. Femten år etter at den djupt respekterte Absalon var død, vart ho på nytt skulda for trolldom og dømd til døden. Anne Pedersdotter vart brend som heks på Nordnes i 1590.

Ein bautastein over Absalon Pedersøn Beyer vart reist ved Vangen kyrkje i Aurland i 1984.


MEIR OM AURLAND 
Aurland kommune

 
Historia i Aurland
Industri og næring i Aurland
Kjende personar i Aurland
Kommunehistoria i Aurland
Krigshistoria i Aurland
Kyrkjer i Aurland
Samferdsle i Aurland
Skular i Aurland
Verd å sjå i Aurland

 
Video frå Aurland
Lyd frå Aurland
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no