SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Selje kommune:

Selje kloster og Sunniva-legenden

Selja kloster
Selja kloster
Klosteret på vestsida av Seljeøya er truleg den eldste kristne heilagstaden i Noreg. Den fortel om den irske kongsdottera Sunniva, som saman med ein liten flokk rømde Irland då ein vikinghøvding ville gifte seg med henne.

Publisert 06.03.2001 14:30. Oppdatert 20.02.2007 10:42.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Utan årar og segl dreiv dei på havet, og rak i land på Selja. Der budde dei i bergholer. Då Håkon jarl drog til øya for å drepe ”inntrengjarane”, rømde Sunniva med flokken sin inn i ein steinheller. Opningen rasa att bak dei, og irane vart levande gravlagde. Noko seinare fann kjøpmenn lysande og særs velluktande bein i hellaren, og tok dei med til kong Olav Tryggvason. Han drog sjølv til Selja, og fann menneskebein med søt lukt. I hellaren bygde Olav Tryggvason ei kyrkje i 996, truleg den første i Noreg. Denne fylkeskyrkja vart seinare flytta til Bø på austsida av øya, og i hellaren kom Mikalskyrkja. (sjå elles Flora kommune - Kinna-kyrkja).

Sunnivakyrkja

er bygd på ein terrasse like opp under hellaren, truleg seint på 1000-talet.

Kristkyrkja eller Albanus-kyrkja

vart bygt nede på flata under hellaren kring 1070. Kyrkja var eindel av Albanus-klosteret der, som er bygd i fleire byggjesteg frå 1100-talet til tidleg 1300-tal.

Første bispen

Olav Kyrre delte i 1068 Noreg i 3 bispedøme: Nidaros, Oslo og Selja. På Selja vart Bjarnvard første biskop.

Sunniva-skrinet

Sunniva-skrinet med det ein meinte var beinrestane etter den heilage kvinna St. Sunniva, vart teke vare på på Selja til 1170. Då vart skrinet flytta til Kristkyrkja i Bergen.

Fornfunn på Selje-klosteret

I ruinane er det m.a. funne godt bevarte restar av ein messhakel frå 1200-talet i Sunnivahellaren, og bitar av forgylte relieff.

Eigne handelshus

Klosteret på Selja hadde heilt frå 1200-talet eigne handelshus kring Vågen i Bergen.

Klostergodset - St. Jørgen - Harastølen

Klostergodset til Selje rådde etterkvart over enorme jordeigedomar over heile det nordlege Vestlandet.

Forfattaren Sigrid Undset (t.h.) saman med Astri af Geijerstam og sonen Hans i Sunnivagrotta. Foto: Gösta af Geijerstam


Restaurering og utgraving på Selja

Restaurering av Selje kloster og utgravingar gjekk føre seg bolkevis frå 1867. Sjå også: Fornfunn på Selje-klosteret.

Biskopen av Selja

er av nyare dato, skipa i 1930 av den katolske kyrkja. I dei seinare åra har paven gjeve denne tittelen til ”ambulerande” hjelpebiskopar kringom i verda – Brasil, Jugoslavia o.s.b.

Munk på Selja

Kong Olav V

var i august 1968 til stades på 900-årsjubileet på Seljeøya. Til stades var dei høgste geistlege både frå den norske og den anglikanske kyrkja på dei britiske øyane.

Nybygging

I 2001 har ein greskortodoks munkeorden kjøpt eit småbruk på austsida av Seljeøya for å byggje eit kloster. Same munkeorden skal òg byggje eit nonnekloster i Valldal på Sunnmøre.

Selja med klosteret i framgrunnen.


MEIR OM SELJE 
Selje kommune

 
Historia i Selje
Industri og næring i Selje
Kjende personar i Selje
Kommunehistoria i Selje
Krigshistoria i Selje
Kyrkjer i Selje
Samferdsle i Selje
Skular i Selje
Verd å sjå i Selje

 
Video frå Selje
Lyd frå Selje
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no