Jan Herstad, Senterpartiet, får fire nye år som ordførar i Naustdal. Harald Kvame, Høgre, vert ny varaordførar.
|
|
Aud Kari Steinsland frå Arbeidarpartiet blir ny ordførar i Askvoll. Varaordførar blir Bjørn Arne Mjåseth frå Senterpartiet.
|
|
Torodd Urnes frå Kristeleg Folkeparti blir ny ordførar i Luster, og Kjellfred Weum frå Senterpartiet ny varaordførar. Det vart dei borgarlege partia samde om i går kveld. Urnes blir dermed den første borgarlege ordføraren i Luster på 14 år.
|
|
John Kåre Larsen frå Solund vart i går historisk. Larsen er den første varaordføraren for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane nokon sinne.
|
|
Kvinnene får dei politiske topp-posisjonane i Jølster den komande fire-års perioden. Kari Støfringsdal frå Senterpartiet blir ny varaordførar. Frå før av er det klart at Gerd Dvergsdal (biletet) frå same parti blir ordførar.
|
|
Tidlegar Ap-politikar Marit Lefdal (biletet) reagerer kraftig på at tredjekandidaten til Arbeidarpartiet på fylkestinget, Cecilie Løvlid, ikkje fekk plass i fylkesutvalet.
|
|
Nordfjord sin 3. kandidat i Arbeidarpartiet i fylket får ikkje plass i det viktige fylkesutvalet, sjølv om ho ville ha den. Cecilie Thaule Løvlid frå Hornindal måtte i går vike for Harry Mowatt frå Hyllestad, som sto på 4. plass.
|
|
Dei borgarlege partia i Luster har bestemt seg for å ta over makta i kommunen. Leiar for Senterpartiet, Per Birger Lomheim, seier at dei, KrF, Høgre, Venstre og Frp har avtalt at dei skal ha ordførar, varaordførar og to plassar i formannskapet.
|
|
Harry Mowatt frå Arbeidarpartiet held fram som ordførar i Hyllestad. Det vart klart etter at Arbeidarpartiet og Samlingslista vart einige i går kveld. Hans Emil Dale frå Samlingslista vert ny varaordførar.
|
|
18 kommunar i fylket hadde dårlegare valdeltaking ved kommunevalet i år enn for fire år sidan. Seks kommunar hadde betre valdeltaking.
|
|
Arve Helle frå Arbeiderpartiet vert ny ordførar i Fjaler, og avtroppande ordførar Jan Ulltang frå Senterpartiet vert ny varaordførar.
|
|
Olav J. Ellingsen frå Senterpartiet vert ny ordførar i Aurland.
|
|
Bjørn Lødemel frå Høgre får halde fram som ordførar i Hornindal. Ny varaordførar blir Anders Hjelbakk frå Senterpartiet.
|
|