Skilletoppknapp fylkesleksikonSkilleNynorsk mediesenter GUL logo toppknapp 115pSkilleLokalradio på internett toppknappSkille_slutt
Val 2003 Sogn og Fjordane 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Val 2003 Sogn og Fjordane
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
NRK SOGN OG FJORDANE I LYD OG BILETE
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100,
6800 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42
Distriktsredaktør

 
Fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane

Eit spørsmål om å vere interessant

Nils R Sandal (SP) frå Gloppen er fylkesordførar i Sogn og Fjordane.
Nils R Sandal (SP) frå Gloppen er fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Sjå valresultatet for Sogn og Fjordane fylke


Då staten tok over sjukehusa, mista fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane sitt beste virkemiddel for å gjere seg interessante for folk flest i fylket. Det store spørsmålet er korleis dei skal gjere seg interessante i framtida.

Publisert 04.06.2003 21:33. Oppdatert 14.09.2003 22:44.
Ein kan seie mykje om årelange sjukehusstridar, men dei førte i alle fall til at folket i store delar av Sogn og Fjordane brydde seg om kva som skjedde på fylkestinget. No har sjukhusa forsvunne over til staten, og fylkeskommunen er i første rekkje sitjande att med dei vidaregåande skulane. Sjølv om nedlagde klassar kan tenne ein gneist i lokalsamfunna, så gjer dei ikkje same susen som ein skikkeleg sjukehusdebatt.

Vanskeleg å selje

Fylkesbarnevernet, SAVOS, breiband, fylkesdelplan for klima og energi og strategiar for vidaregåande opplæring er garantert viktige saker for folk i Sogn og Fjordane. Dei er berre så uhyre vanskelege å ”selje” gjennom media (anten det no er media eller politikarane si skuld) at folk flest kan kome til å gje totalt blaffen i heile fylkeskommunen. I Sogn og Fjordane har interessa nok vore større enn i mange andre fylke, der vi har sett gjentekne reportasjar frå fylkesting med gjespande politikarar på bakerste benk. Det store spørsmålet er om Nils R. Sandal & Co har noko nytt å interessere oss med.

Oppgjer med sentraliseringa

Fylkesordføraren sitt oppgjer med sentraliseringskreftene på siste fylkesting er eit døme på at dei trass alt prøver. Den var så krass at fylkeskommunen sin eigen informasjonssjef skreiv følgjande i referatet: ”Den vanlegvis så positive fylkesordføraren fann å måtte minne om at fylket ikkje toler for mange negative innspel”. Ein setning som elles fortel ein god del om stilen til Nils R Sandal.

I talen meinte Sandal at sentraliseringa i Helse Førde, og manglande vilje til investeringar hos Hydro, var eit resultat av at Stortinget hadde overlete viktige delar av ansvaret for samfunnsutviklinga til dei lukka styrerom i aksjeselskap og statsføretak. Den same Sandal hudfletta også den nasjonale transportplanen som nyleg vart lagt fram.

Vaktbikkje

Og kanskje er det slik fylkestinget kan halde fram med å gjere seg interessante? Som ei vaktbikkje på eit nivå mellom kommune og stat. Så lenge du ikkje har ansvar er det i alle fall ikkje vanskeleg å bjeffe.


LISTER TIL FYLKESTINGSVALET 
Venstre i Sogn og Fjordane
Sosialistisk Venstreparti i Sogn og Fjordane
Senterpartiet i Sogn og Fjordane
Raud Valallianse i Sogn og Fjordane
Kystpartiet i Sogn og Fjordane
Kristeleg Folkeparti i Sogn og Fjordane
Høgre i Sogn og Fjordane
Framstegspartiet i Sogn og Fjordane
Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane
Demokratane i Sogn og Fjordane
SOGN OG FJORDANE (VEL KOMMUNE) 
Fylkestinget Sogn og Fjordane
Askvoll
Aurland
Balestrand
Bremanger
Eid
Fjaler
Flora
Førde
Gaular
Gloppen
Gulen
Hornindal
Hyllestad
Høyanger
Jølster
Leikanger
Luster
Lærdal
Naustdal
Selje
Sogndal
Solund
Stryn
Vik
Vågsøy
Årdal
LENKER

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 

Ordførarkabalane er lagt

Ordførarkabalen er klar i alle kommunane i fylket. Her kan du få oversikten over alle kommunestyra og ordførarar i fylket etter valet i haust.
LES OM VALET I KOMMUNEN DIN

Alle artiklane frå Val 2003

Her kan du sjå den oppdaterte lista over alle artiklane frå valet 2003 i Sogn og Fjordane (klikk "Meir"):

Skråblikk på valet

Det er som oftast røynde, gråspetta menn som meiner og synsar når det er valkamp og val. Vi ba den yngste jenta i redaksjonen vår om å ha skråblikk på valkampen.

Eit spørsmål om å vere interessant

Då staten tok over sjukehusa mista fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane sitt beste virkemiddel for å gjere seg interessante for folk flest i fylket. Det store spørsmålet er korleis dei skal gjere seg interessante i framtida.

Møt politikarane på internett

Nettmøta kan du følgje direkte på valsidene våre på internett. Svara frå politikarane finn du etterkvart her.

Heimesidene til partilaga

Her finn du lenkjer til dei politiske partia som stiller lister i Sogn og Fjordane.

Kommune- og fylkestingsval 15. september

Kommune- og fylkestingsvalet i 2003 skal haldast måndag 15. september. På desse sidene kjem artiklar frå Sogn og Fjordane om valet. Framfor valet er det gjort ei rekkje endringar i Vallova:
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no