Sidan FrP starta med å gjere seg gjeldande på den nasjonale politiske arenaen, har ein spurt seg når bølgja også skulle slå innover Sogn og Fjordane. Så langt har det vore lite å surfe på for dei lokale representantane. Jostein Kvalsvik og Åge Starheim kjem sikkert inn på fylkestinget. Ingenting tyder på at det skal gå dårlegare enn sist, men ikkje mykje tyder på at det skal gå mykje betre heller. (Sjå
Fylkesvalslista for Framstegspartiet.)
Breiare representasjon
|
Åge Starheim vil bli ordførar i Selje |
På kommunenivå stiller dei med fleire lister enn nokon sinne. Det skulle tyde på langt fleire kandidatar,
men ein kjapp kik på listene gir ikkje grunnlag for å tru at det blir den heilt store fangsten. Mest spennande blir det å sjå kva fylkesleiar Åge Starheim kan gjere i direktevalet på ordførar i Selje.