skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Smaken av porno

Det var ein gong ei kvinne som tilfeldig kom inn i rommet der mannen sat framfor datamaskinen og såg på pornografi. Ho visste han stadig sysselsette seg med dette. Men ho hadde aldri sett han i denne situasjonen.

Av Astrid Brekken

Publisert 28.04.2006 14:44. Oppdatert 28.04.2006 15:02.
Da ho hadde sett det, ville ho sjå kva han såg.
Etter det skilde ho seg frå han.
Ho orka ikkje tenkje på kva han tenkte på når dei var saman.

Porno-pusharens julekveld

Dette er kortversjonen av kva som skjer i ein del samliv i vår tid, etter at enorme mengder pornografi nå er blitt tilgjengeleg på internett. Fleire og meir detaljerte historier finst blant anna i boka ”Pornified” – ”Pornofisert” av Pamela Paul, der ho tar for seg korleis pornografi endrar personar, parforhold og familiar. Ho tar også fatt i korleis det har seg at det er blitt progressivt å vera for pornografi. Kvar er det sosiale samvetet og evna til å gjennomskue den menneskeforaktande og menneskeforbrukande pornoindustrien blitt av? Ein må berre gratulere porno-pusharane.

Stjerner i parring

Forestillingane om kva sex er tar farge av pornografien. Dei som konsumerer porno trur at det dei ser også er vanleg i det virkelege livet. Og det må prøvast ut.
Men det er ikkje noko mål for normale menneske å leva opp til kva ”pornostjerner” tilsynelatande kan døye. Smak på ordet pornostjerne. Det er latterleg å tenkje seg at nokon skal få status gjennom å utføre variasjonar over parringsakta. Vi brukar kroppen til mykje – dans, langrenn, fotball – og i enkelte kroppsøvingar framstår det stjerner. Men stjerner i parring?

Raskt utbrukt

Porno er blitt standardinventar på barnerommet. Danske tal fortel at gutar i alderen 14 til 17 i snitt ser porno på nettet ein halv time for dagen, jenter seks minutt. Datamaskinen gir tilgang til all slags porno – med barn, med dyr, med menneske som blir pint til døde, med valdtekt. Skriv rape. Så har du det. Og det er menneske, ikkje robotar som stiller kroppen til disposisjon for desse opptaka. I Hollywood, det uoffisielle, som er ti gonger så stort som det offisielle, seier dei at ein kvinneleg pornofilmaktør held i eit halvt år. Da er ho utbrukt.

Menn som har fått nok

Vi har fått ein auke i sexhandel over landegrensene på to måtar – internettets straumar av pornografi, og straumen av kvinner, unge jenter, unge gutar og barn som blir køyrde gjennom sexindustriens kvern i den globale økonomien. Det dreier seg om store pengar, stor kynisme, stor råskap og stor sorg.

Denne månaden lanserte barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem ein haldnings- og informasjonskampanje om prostitusjon og menneskehandel, som del av regjeringas handlingsplan mot menneskehandel. Prostitusjonen er blitt for påtrengjande. Menn skriv til avisene og klagar over at det er blitt utriveleg, dei prostituerte tilbyr tenestene sine over alt, også i boligstrøk og på utestader. Dei siste åra er det kome over tusen utanlandske prostituerte berre til Oslo, og dei finst også i andre byar. Det er venta at det insisterande tilbodet gjer fleire menn til horekundar.

Å søkkje djupt

Minister Bekkemellem kallar dette vår tids slavehandel, og trur at haldningskampanjer skal hjelpe. Potensielle horekundar skal få vite korleis livet til desse unge jentene og kvinnene er. Særleg vil ho nå dei unge. Ho vil vekkje empatien, innlevingsevna. To i målgruppa, rekruttar på Akershus festning, fortel at dei vassar i prostituerte. Til Aftenposten seier dei at kvinnene ofte følgjer etter dei og ropar og ber dei ha sex med seg. Særleg inntrykk gjorde det da dei ein dag såg ein mann med eit lite barn i baksetet plukke opp ein prostituert. Dei to unge mennene seier at dei ikkje kan tenkje seg å bli horekundar. Dei vil ikkje søkkje så djupt. Fleirtalet av menn vil ikkje det. Men det er diverre mange nok igjen til å halde oppe sexhandelen.

Med buksene nede

Hanne Heldt, leiar for den danske organisasjonen Stop kvinnehandel, spurde i eit foredrag kvifor vi aldri ser bilde av kjøparen. Kvar er pressebildet av horekunden med buksene nede, lemmet i den eine handa og pengesetelen i den andre? Det er det bildet som best skildrar kva prostitusjonen dreier seg om. Vi ser det aldri. Ho berømmer Sverige for å ha kriminalisert horekunden. Det er å slå fast at i eit samfunn som arbeider for likestilling mellom kvinner og menn kan ikkje kvinnekroppen vera til sals. Prostitusjon er seksualisert vald mot kvinner.
Det er også mykje av pornografien.

Som saus på potetene

Pornoindustrien har fått store delar av folket til å tru at pornografi høyrer til, som sausen på potetene. Og det er ikkje meir å bry seg med.
Pornografi og prostitusjon er båe delar sexhandel. Det er berre gradsforskjell. Det er den same mangel på respekt og ømhet for mennesket. For dersom pornografi er vakker, er det ikkje lenger pornografi. Da er det eit erotisk møte.
Pornoprodusenten betaler menneske for at dei skal utføre seksuelle handlingar.
Horekunden kjøper seksuell tilgang til eit anna menneskes kropp.
Dei kjøper båe sex, utførd av levande menneske.

Gratis hjelp

I Sverige, der kjøp av sex i 1999 vart ei straffbar handling, støttar over 80 prosent lovendringa. Men svenskane stansar ikkje der. I Göteborg finn vi til dømes KAST – forkorting for kjøparar av seksuelle tenester. Det er eit prosjekt som vender seg til menneske som vil diskutere, minske eller slutte å kjøpe sex. Dei kan få samtaler, rådgjeving og terapi, og det er gratis.

Kven sexkjøparen er

Kartlegging av menn som vanemessig kjøper sex, utførd av sosialarbeidarar i Göteborg, har fått fram fem grupper. Blant dei er allkonsumenten: gift eller sambuande, har ofte elskarinner, og kjøper sex så ofte som råd, innan- og utanlands. Brukar også pornografi. Har god økonomi og utanfrå sett stor sjølvtillit. Har lita evne til å leva seg inn i andre menneskes situasjon. Han er vanskeleg å nå med tilbod om å endre sitt mønster.
Ei anna type er relasjonssøkjaren, som sjeldan opplever faste kjærleiksforhold, og som kjøper sex og brukar pornografi mellom forhold. Han har låg sjølvkjensle og kjenner seg einsam. Han vil helst slutte å kjøpe sex, men ser ikkje noko alternativ.

Kriminalisering

KAST-prosjektet hevdar at ni av ti menn som oppsøkjer dei og fullfører terapien endrar livsførsel og sluttar å kjøpe sex. Som del av regjeringas handlingsplan mot menneskehandel bør vi få KAST-prosjekt i Norge.
Dette er menn som orkar sjå eige sexkjøp som misbruk – sexmisbruk, og at ved å bruke prostituerte støttar dei indirekte narkotikahandlarar, hallikar og bakmenn for prostitusjonen.
Statsadvokat Kaia Strandjord var aktor i saka der estiske jenter vart utsette for menneskehandel i Trondheim. Ho lykkast å få to menn dømde i Høgsterett for brot på den nye lova mot menneskehandel. Statsadvokaten ynskjer å gjera det ulovleg å kjøpe sex. Ho meiner det vil gjera Norge mindre attraktivt for menneskehandel.

Lov mot slaveri

Årleg blir ein halv million utanlandske kvinner og barn selde inn i den vest-europeiske prostitusjonsindustrien. Vi er del av ein global sexhandel. Prostitusjon og pornografi er verdas nest største svarte økonomi. Korleis kan ein godta at horekundens handling, som fører til så mykje brutalitet og så mange øydelagte liv verda over, skal vera lovleg? Dersom ein alvorleg ynskjer å demme opp for den enorme auken i overgrep overfor kvinner og barn på dette området, må ein inn med lovtiltak.
Før eller sidan kjem Norge til å kriminalisere kjøp av andre menneskes kropp, vår tids slaveri. Vi bør få felles nordisk lovgjeving på dette feltet. Finland er i ferd med å innføre ei liknande lov som Sverige. Det vil vera framsynt av statsrådane Karita Bekkemellem og Knut Storberget å få den norske regjeringa til å følgje etter.


P2-kommentaren, NRK P2, laurdag 29.4 kl 16:50 og søndag 30.4 kl 20:20 2006


 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no