skilleStemmer fra arkivetskilleLitteraturquizskille_slutt
litteratur_forfattere_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kultur > Forfattere Sist oppdatert 14:55
Forfatterarkivet er under arbeid, og vil komme i en ny og bedre versjon.
Ansvarlig for siden:

 

Genette, Gérard

Gérard de Genette (f. 1930) høyrer med blant den gruppa av franske akademikarar og intellektuelle som gjorde Paris til den sentrale staden for humanvitskapleg teori i 1960-åra.

Publisert 21.08.2002 10:57.

Strukturalisme

Med inspirasjon frå den strukturelle lingvistikken (Saussure, Louis Hjelmslev, Roman Jakobson) vart det utvikla ansatsar til ein ny måte å forstå kunst, kultur og samfunnsliv på – som kompliserte kommunikasjonssystem med sine eigne kodar, interne relasjonar og logikkar. Desse ansatsane vart samla og marknadsførte under etiketten "strukturalisme", og gjorde seg gjeldande både i sosialantropologiens studium av mytar, religion og sosial organisasjon (Claude Lévi-Strauss og hans elevar), i filmvitskapen (Christian Metz), i semantikken (A.J. Greimas), delvis også i den spesielle forma for psykoanalytisk teori som var knytt til Jacques Lacan og hans "nylesing" av Freud. Breidda (om ikkje nett dybda) i det strukturalistiske studiet av kultur er godt representert i Roland Barthes sine arbeid frå 1960-talet, som omfatta analysar av både "kvardagsmytar", matkultur, reklame, motens språk, forutan teater og litteratur.

Fransk strukturalisme

Den franske strukturalismen (eller semiologien som teorien også vart kalla) hadde eit tyngdepunkt ved Ecole Pratiques des Hautes Etudes (seinare Ecole des Hautes Etudes en Sciences Sociales). EPHE var (og er) ein slags forskarskole konsentret omkring seminarverksemd og forskarrettleiing, og tidleg i 1960-åra vart det her etablert eit eige studiesenter for massekommunikasjon, med Roland Barthes som ein av initiativtakarane. Dette senteret vart raskt ei veritabel fødestove for semiologiske studiar, ikkje minst innanfor det litterære feltet. Gérard Genette vart etterkvart ein sentral figur her, og etter nokre år ved Sorbonne-universitetet kom han til å tilbringe resten av sitt akademiske liv ved EPEH, frå 1975 som forskarrettleiar (directeur d'études).

Narrativ teori

Gérard Genette vart internasjonalt kjend først og fremst gjennom sitt arbeid med narrativ teori, "Discours du récit", publisert i 1972 som hovuddelen av essaysamlinga Figures III. Den strukturalistiske narratologien hadde hittil konsentrert seg om narrative innhaldsstrukturar, i tradisjonen frå den russiske formalisten Vladimir Propp og med impulsar frå Lévi-Strauss sine teoriar om myten. Viktige namn i dette feltet var A.J. Greimas og Claude Bremond. Genette derimot gjekk inn i ein annan tradisjon, idet han systematiserte og vidareutvikla eksisterande anglo-amerikanske og europeiske studiar i forteljeteknikk (Wayne C. Booth, Franz Stanzel o.a.). "Discours du récit" (am. oms. 1980: Narrative Discourse) er seinare blitt eit ufråvikeleg referanseverk i den moderne litteraturteorien. Både systematikken til Genette og hans terminologi høyrer i dag til forteljeteoriens grunnleggande element.

Genette har arbeidt vidare med narrative og tekstteoretiske spørsmål i fleire bøker. I Nouveau discours du récit (1983; am. oms. 1988: Narrative Discourse Revisited) tar han opp litt av kritikken som kom mot "Discours du récit" og modifiserer nokre av sine eigne synspunkt. I Palimpsestes (1982; am. oms. 1997) er temaet det Genette kallar "transtekstualitet", dvs. ulike former for relasjonar mellom tekstar (imitasjon, adaptasjon, parodi, pastisj o.l.), som blir studerte gjennom eit vell av eksempel. I oppfølgjaren Seuils (1987; am. oms. 1997: Paratexts. Thresholds of Interpretation), utvidar han teorien om transtekstualitet ved å analysere ulike typar "terskeltekstar" eller "paratekstar" (forord, titlar, notar, forlagsreklame osv.) og deira forhold til dei litterære hovudtekstane.

Analytisk

Gérard Genette stod tidleg fram som ein av dei mest "analytiske" forskarane blant dei franske strukturalistane. Det var kanskje difor han valde litt andre retningar da "strukturalismen" slo over i "poststrukturalisme" og "dekonstruksjon" i løpet av 1970-åra. Interessa for meir allmenne estetiske problemstillingar gjorde seg gjeldande i tobandsverket L'Œuvre de l'art, med undertitlane Immanence et transcendence (1994, am. oms. 1997) og La relation esthétique (1997, am. oms. 1999), saman med ein stadig tydelegare inspirasjon frå den anglo-amerikanske analytiske estetikken (f.eks. Nelson Goodman).


av Atle Kittang


 
10 SISTE LITTERATUR
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no