Hopp til innhold

Masseslagsmål på Youngstorget – kvinne skadd

Politiet i Oslo måtte ved eitttida i natt gripe inn i eit masseslagsmål på Youngstorget, der eit trettitals menn barka saman med slagvåpen.

Slagsmål på Youngstorget i Oslo

Operasjonsleiar Tor Jøkling seier til NRK at politiet fekk ei rad meldingar om slagsmålet like før klokka eitt i natt.

Ifølgje augevitne vart det brukt jernstenger, plankar og machete i slåstkampen. Det vart og kasta blomsterpotter og flasker.

Då politiet kom til staden, såg dei mange menn som sprang i ulike retningar.

Politiet fekk kontroll på fire-fem menn i 20 til 30-årsalderen. I to-tida stadfesta politiet at tre menn er pågripne og køyrd til arresten.

Kvinne fekk flaske i hovudet

Omtrent samstundes fekk politiet melding om at ei kvinne på ein utestad i Torggata, berre nokre meter unna, var treft av ei flaske i hovudet og blødde. Ho vart undersøkt av ambulansepersonell på staden, og deretter sendt til legevakten.

Jøkling seier at alt tyder på at ho vart treft av noko som vart kasta i samband med slåstkampen like ved.

Politiet er framleis på staden og avhøyrer vitne og sjekkar videoovervaking av området på og rundt Youngstorget.

Laster Twitter-innhold