Hopp til innhold

Knivstakk broren til døde – lengtar tilbake til fengsel i Noreg

Medan han venta på ankesaka, blei den dødsvald-dømde nordmannen fengsla på Filippinane. Etter fem veker tvilar han på om han nokon gong kjem ut. Nå ber han politiet i Noreg om å få koma heim.

Drapsdømt nordmann i fengsel på Filippinane

Eit bilde mannen har tatt av seg sjølv på cella i fengselet i Manila.

Foto: Privat

– Ja, eg vil heim fort. Det kryr av rotter her, seier mannen til NRK frå fengselet Detention Camp Bagong Diwa i Manila, hovudstaden på Filippinane.

I byrjinga av juni blei den dødsvald-dømte 52-åringen arrestert på Filippinane. Han har anka saka han blei dømt i, men får gå fri medan han ventar på ankesaka. Han var i landet saman med borna, og kona, som kjem frå Filippinane.

Arrestasjonen vist på filippinsk TV

Då mannen blei arrestert, blei han identifisert på TV. Det er NRK som har sladda andletet hans.

Filippinsk politi sa at han skulle tilbake til Noreg i løpet av ei veke, men nå har det gått fem veker utan at noko har skjedd.

– Det første eg måtte gjera, var å betala masse pengar for å få eit rom. Alternativet var å sove blant rotter og kakerlakkar, fortel han.

Mistenkt for å stikka av

Mannen blei i februar dømd til sju og eit halvt års fengsel for dødsvald mot storebroren sin. Broren døde etter eit slagsmål mellom dei to, og 52-åringen blei tiltalt for knivdrap. Saka skal opp i lagmannsretten i oktober.

Politiet i Noreg frykta at han ikkje ville koma tilbake og bad om hjelp frå filippinske styresmakter. Immigration Police i Manila arresterte mannen i leilegheita hans 6. juni, og sette han i fengsel.

Arrestasjonen vist på filippinsk TV

Heilt forferdeleg, seier kona om at arrestasjonen av mannen hennar blei vist på Filippinane.

Arrestasjonen blei sendt på TV på Filippinane.

– Det var ei heilt forferdeleg oppleving, seier kona til NRK.

Ho fortel at dei to borna ikkje orka å gå på skulen etterpå.

– Politiet audmjuka oss framføre det filippinske folket, slår ho fast.

Selde huset

Mannen seier at han heile tida planla å koma tilbake til rettargangen i Noreg. Han skaffa seg nytt pass før han reiste, snakka med advokaten sin og har flybillett med open retur.

– Det var minst ti personar som visste at eg ville dra på ferie til Filippinane. Eg snakka også med Nav og legen min før eg reiste, seier han.

Krimteknikere i Hellvik

Krimteknikarar i arbeid utanfor huset han eigde på Hellvik i Eigersund. Det var her han tok livet av bror sin hausten 2016, ifølge Dalane tingrett.

Foto: Mari Friestad / NRK

Ein viktig årsak til at politiet sende ut arrestordre, var at han selde huset i Noreg kort tid før han reiste ut av landet.

– Kona mi orka ikkje å bu der etter det som skjedde den natta i 2016, seier han.

Detalj frå fengsel i Manilla der den drapsdømte sat i 2018

Golvet i fengselet Detention Camp Bagong Diwa i Manila, der 52-åringen sit.

Han peikar også på at dei lenge hadde snakka om å flytta til ein meir sentral stad, og at dei ikkje hadde råd til å ha hus i Noreg samstundes som familien hans skulle bu på Filippinane.

Framtida er usikker

Nå er mannen i tvil om han nokon gong kjem ut av fengselet i Manila.

– Ingen har kome ut herfrå på mange månader. Dei utanlandske fangane må betale for å sleppa fri, eller så seier dei favorittordet på Filippinane: tomorrow eller next week, seier mannen via chattetenesta Messenger.

Thale Thomseth

Politiadvokat Thale Thomseth.

Foto: Anders Fehn / NRK

Politiadvokat Thale Thomseth i Sør-Vest politidistrikt har ansvaret for arbeidet med å få 52-åringen til Noreg før ankesaka byrjar.

– Men samarbeid over landegrensene tar tid, seier ho.

Likevel reknar ho med at det ikkje skal dra altfor langt ut, sidan ho opplever at dei har ein god dialog med filippinske styresmakter.

– Og det er etter førespurnad frå oss at han sit i fengsel der nede, understrekar ho.

NRK har vore i kontakt med familien til offeret gjennom bistandsadvokat Helene Haugland. Dei er orienterte om at saka omtalast, men ønsker ikkje å gi nokon kommentar.