Hopp til innhold

Må nødslakta kyr på grunn av ølboksar

Bønder fryktar for dyra sine etter funn av oppkutta ølboksar i fôret.– Det er den absolutt verste og mest meiningslause måten å mista eit dyr på, seier bonde.

Kyr på Meland

Norges Bondelag er uroa over at stadig fleire kastar søppel som kan skada dyr i naturen.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Boksane hamnar i dyrefôret på grunn av at menneske kastar dei ut på jorda til bøndene. Særleg jorde som ligg langs bilveg er utsett.

– Du som tøffar deg med å hive ølboksen gjennom vindauga, kan spørja dama du prøver å imponere om seigpining av husdyr er sexy eller ikkje, skriv Lars Drabløs i eit Facebook-innlegg. Som til no er delt over 13.000 gonger, og har fått over 10.000 tomlar opp.

oppkutta ølboksar

Han oppdaga heldigvis den oppkutta ølboksen før dyra hans fekk det i seg.

– Betane er skarpe som barberblad. For dei er blitt kverna opp i slåmaskinen under innhausting av gras.

Ikkje aleine

Bonde Leif Arne Lirhus kom med denne oppfordringa på Facebook.

«Ver so snild å ikkje hiv boksar i naturen. Denne fann eg hjå dyra mine i kveld, i maten deira. Ein liten bite av denne kan føre til store skadar innvendig på ei ku. Ho kan i verste fall blø i hel, eller få so store skadar at ho må avlivast. Unødvendige lidingar berre for at folk ikkje gidd å ha avfallet sitt der dei skal!»

Redd

Denne gang kom Leif Arne Lirhus boksen i forkjøpet, og kyrne fekk servert gras utan metall.

Foto: Skjermdump

– Me ser over jorda før me slår med slåmaskin. Men areala er ofte store, og det er vanskeleg å sjå boksane i graset. Det er nesten ei umogleg oppgåve å oppdage dei, seier Lirhus.

Einar Magne Jordalen har lagt dette bilde ut på Facebook, og legg til at det er eit resultat av at kua fekk i seg oppkutta metallboks.

Naudslakta ku

Ku har fått kutta opp tarmar etter inntak av ølboksar. Måtte naudslaktast.

Foto: Einar Magne Jordalen

Har forslag til løysning

Norges Bondelag har klare ønskjer og meiningar om kva som skal til for å unngå situasjonen.

– Panten må aukast, seier nestleiar i Norges Bondelag, Frøydis Haugen.

Ho seier dette er eit problem som rammar andre dyregrupper også. Som for eksempel Vilt.

– Dei har ikkje tilsyn slik som husdyr og kan bli utsett for enorme lidingar.

Frøydis Haugen

Frøydis Haugen frå Norges Bondelag

Foto: Anders Ekanger / NRK

Norges Bondelag har støtte frå andre. Under Høgre sitt landsmøte i helga vart det lagt fram eit forslag om auka pant.

– kvart år vert det dumpa 100.000 boksar i naturen. Om me kan få inn dei som panteobjekter istaden, vil det redda mykje av miljøet, sier Anne Kristine Linnestad i Akershus Høgre.