Hopp til innhold

Prisen på drikkevatnet var 3,7 mrd. for høg

Då politikarane skulle bestemma kor dei skulle hente ei ny drikkevasskjelde for Stavanger-regionen, fekk det eine alternativet ein prislapp som var 3,7 milliardar kroner for høg. – Grov feilinformasjon, rasar lokale bønder.

Gruppebilde ute på Veen i Bjerkreim

Bøndene rundt Birkelandsvatnet har nå fått ny tru på at dei kan unngå at vatnet blir drikkevasskjelde for Stavanger-regionen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Administrasjonen i Rogaland fylkeskommune vedgår at dei gjorde ein alvorleg feil i saksutgreiinga for to år sidan.

Stavanger-regionen trong ei ny drikkevasskjelde og valet sto mellom Store Myrvatnet i Gjesdal kommune og Birkelandsvatnet i Bjerkreim kommune.

Drikkevatn

Ei veke før Rogaland fylkesutval skulle vedta si høyring til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), fekk politikarane ei ny utgreiing på bordet.

Der sto det at Lyse-konsernet kravde erstatning i tilfelle drikkevasskjelda blei lagt til Store Myrvatn. Beløpet blei oppgitt til å vera 95 millionar kroner i året, for tapt kraftproduksjon.

Det var her feilen skjedde

– Problemet var berre at det aldri sto 95 millionar kroner i året i kravet frå Lyse, men 95 millionar kroner totalt, over ein periode på 40 år, vedgår regionalplansjef i Rogaland fylkeskommune, Christine Haver.

Portrett av Christine Haver, regionalplansjef i Rogaland fylkeskommune

Christine Haver, regionalplansjef i Rogaland fylkeskommune, orsakar det som skjedde for to år sidan, og har sett opp saka til ny behandling.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

95 millionar kroner i året i 40 år blir 3,8 milliardar kroner. Eit beløp som dei 11 kommunane i det interkommunale vass- og renovasjonsselskapet IVAR måtte ha betalt, dersom Store Myrvatnet hadde blitt vald. Men korleis skjedde denne feilen?

– Nei, det har me ikkje noko godt svar på. Det skjedde ved ein inkurie og feilen blei aldri oppdaga den gongen, seier Haver.

Reagerer på det som skjedde

Det har gått to år sidan 40 grunneigarar rundt Birkelandsvatnet kjempa ein lang kamp mot at vatnet deira skulle bli drikkevasskjelde. Reaksjonane er kraftige nå når dei får vita at deler av talgrunnlaget den gongen var feil.

Birkelandsvatnet sett frå Espeland

Birkelandsvatnet sett frå eit gardsbruk på Espeland.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Me ser på det som skjedde som eit grovt tilfelle av feilinformasjon, seier leiar i Bjerkreim bondelag, Bente Gro Milwertz Slettebø.

Fryktar hindringar for drifta

For det var Birkelandsvatnet fylkespolitikarane til slutt tilrådde at NVE skulle velja.

Bøndene rundt vatnet er redde for kva framtid dei har dersom dette blir det endelege resultatet. Dei fryktar at Mattilsynet om nokre år vil avgrense gardsdrifta deira for å hindre utslepp som kan føra til dårlegare drikkevasskvalitet.

Ivar Are Veen, Camilla og Tor Gunnar Gjedrem

Ivar Are Veen, Camilla og Tor Gunnar Gjedrem har brukt mykje tid på å kjempa mot at Birkelandsvatnet skulle bli ny drikkevasskjelde.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Kjem det nokre avgrensingar på gardsdrifta, klausuleringar, som dei seier det ikkje skal koma, så må me finna oss noko anna å gjera på, seier Camilla Gjedrem.

Ho og mannen Tor Gunnar har det meste av garden sin ned mot Birkelandsvatnet.

Ny runde

Torfinn Ingeborgrud, MDG, i sofa inne i ei stove på Veen i Bjerkreim

Torfinn Ingeborgrud (MDG) var den einaste som stemte mot Birkelandsvatnet som ny vasskjelde for to år sidan.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

To år etter sist vedtak i Rogaland fylkesutval, har ennå ikkje NVE bestemt seg for kva som skal bli den nye drikkevasskjelda for Stavanger-regionen. Men dei tar sikte på å gi eit svar seinare denne veka.

Det er derfor i siste liten at Rogaland fylke nå tar opp saka igjen på tysdag etter spørsmål frå MDG-politikar Torfinn Ingeborgrud.

– Fleire politikarar snakka om at Store Myrvatnet kom til å bli veldig dyrt den gongen for to år sidan. Det kan sjå ut som at det fekk stemninga i Fylkesutvalet til å snu, seier han.