Hopp til innhold

Uviss skjebne for ein av «Noregs verste» vegar

RIKSVEG 13 (NRK): Staten har ikkje sett av pengar til sikring av rasvegen Erfjord-Sand før tidlegast i 2024. I fjor blei det registrert 27 ras på strekninga, men likevel må befolkninga venta minst seks år på rassikring.

Ras på RV13

Sikringa av riksveg 13 mellom Erfjord og Sand kan bli utsett. – Me er derfor veldig opptatt av at det motsette skjer: At vegen blir løfta fram i tid, seier Geir Ims i Ryfylke IKS. Bilete er frå eit ras i november 2013.

Foto: Suldalsposten

Riksveg 13 mellom Erfjord og Sand er blant ti kandidatar i NRK si kåring av Noregs verste veg.

Berre i 2017 registrerte Vegtrafikksentralen 27 stein-, jord-, snø- eller isras på strekninga, og ved fleire tilfelle blei vegen midlertidig stengt. Året før var talet 33 ras.

Men bak desse tala er det også mange mindre ras som ikkje bli registrerte.

«Det går ofte ras på vegen som gjer at den vert stengt. Her følast det ikkje trygt å køyre», er blant det juryen i kåringa skriv om riksvegen.

– Det er den verste strekninga me har, og den er topp prioritert blant alle kommunar i Ryfylke. Den må sikrast og forbetrast, seier dagleg leiar og ansvarleg for samferdsle i Ryfylke IKS, Geir Ims.

Kan bli utsett

Riksvegen er også skuleveg for ungdommar i Suldal som går på ungdomsskule på Sand, og rektoren ved skulen fryktar det skal skje ei alvorleg ulukke med ein av skulebussane.

Geir Ims

Dagleg leiar i Ryfylke IKS, Geir Ims.

Foto: Ryfylke IKS

Den er ein av ti kandidatar til å bli Noregs verste veg. Likevel er det ikkje sett av pengar til rassikring før i andre periode av Nasjonal transportplan (NTP). Den strekkjer seg frå 2024–2029.

Men NTP er ikkje hogd i stein, og det finst fleire eksempel på at vegar har vore inne i planverket, men likevel blitt flytta til neste planperiode.

Geir Ims i Ryfylke IKS håpar ikkje det same skjer med rasvegen i Suldal.

– Det kan skje, så me er derfor veldig opptatt av at det motsette skjer: At vegen blir løfta fram i tid. Det er for gale om me skal venta på ei fatal ulukke før noko skjer.

Bil tatt av ras
Foto: Svein Morten Hagen / NRK
Det har gått mange ras på riksveg 13 mellom Erfjord og Sand dei siste åra.

Vil ikkje kalla vegen Noregs verste

Staten har sett av 800 millionar til rassikring mellom Lovraeidet og Rødsliane, den mest rasutsette delen av Erfjord-Sand. Planen er ein fire kilometer lang tunnel.

Gerd Helen Bø

Ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø (Sp).

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Suldalsordførar Gerd Helen Bø (Sp) er blant dei som jobbar for at prosjektet ikkje blir forseinka.

– Me håpar å få vegen fram i planverket, ikkje lenger bak.

Også Ryfylkerådet krev fortgang i rassikring av riksvegen, og vil få fylkeskommunen med på å forskottera pengar. Fylkeskommune har også lova å rekna på kva det vil kosta.

– Eg håpar det ikkje er lenge til dei har kostnadsrekna på dette, så får me både bruka dei og våre stortingsrepresentantar i presset på å få vegen framskunda, seier ordføraren.

– Er det Noregs verste veg, slik du ser det?

– Eg veit ikkje om eg skal seia det, men det er i alle fall ein veldig farleg strekning med mange ras.

Norges verste veg, Rv. 13 Sand-Erfjord, Rogaland

Riksveg 13 mellom Erfjord og Sand i Rogaland er 20 kilometer lang og går forbi rasutsette Lovrabakkane.

Foto: Synne Gjul Wroll-Evensen / NRK