Hopp til innhold

Her ligg Andreas i kunstig koma etter at han nær blei drepen av snøskredet

SOGNDAL (NRK): Andreas var fryktlaus nedover dei snødekte fjellsidene, men sjanselaus då skredet kom. No er han klar for ein ny påske i den skredfarlege fjellheimen.

Andreas Vold på sjukehus

HARDT SKADD: Andreas Vold var heilt ute av spel i lang tid etter ulukka. Her er han på sjukehus like etter.

Foto: privat

Frudalen i Sogndal for eitt år sidan. Andreas Vold leikar seg på ski og elskar det han held på med. Så blir alt svart. Eitt år seinare: Andreas er tilbake i Frudalen, i live. Snøskredfaren er enda meir overhengande denne gongen, og NVE fryktar at denne påsken skal bli ekstra ille med tanke på snøskred.

– Eg tek ikkje like mange sjansar som før, men for meg var det aldri snakk om å gje seg med ski. Eg gav meg med ein viss type køyring, men aldri med ski.

Reiste på tur åleine

Det var ein grå og sur februardag i fjor då 30-år gamle Andreas Vold valde å leggje ut på ein krevjande skitur til Frudalshesten i Sogndalsdalen. Det var snø i lufta og stor skredfare i terrenget. Likevel reiste han ut heilt åleine, og køyrde ned eit stupbratt heng i fjellsida.

– Eg hugsar kanskje 20 meter av nedkøyringa, så er det heilt svart. Det er som å få ei dør midt i hovudet, det blir heilt svart.

Andreas blir teken av eit skred, og slått inn i fjellskrentane under han. Skibrillene blir knust og han får kritiske skadar i hovudet. Og så blir han liggande der, heilt åleine i seks timar.

Sjukehusopphaldet etterpå blir langvarig og han blir halden i kunstig koma. Han har ingen minner om det, men han veit at familie og vener var uroa.

– Det har nok vore ein kamp, så eg er veldig glad for at eg ikkje hugsar noko som helst. Eg har berre positive minner frå den turen.

Andreas Vold står på ski

TILBAKE PÅ SKI: Andreas Vold seier at han ikkje tek like mange sjansar som før, men han står mykje på ski.

Foto: Håvard Nesbø

– Eg hadde ikkje noko håp om å finne han i live

Stein Falsen Møller er ein erfaren tindevegleiar og redningsmann. Han hugsar kvar minste detalj av synet som møtte han i fjellsida den dagen i fjor då han fann Andreas i live i snøskredet.

– Når eg skjønte at han var i live var det eit sjokk. Då gjekk eg igjennom heile kjensleregisteret. Og så slår all treninga vi har inn, og vi klarer å gjere det vi skal. Vi får han ut derifrå.

Andreas Vold

HAR KOME SEG: Andreas Vold er tilbake etter skadane han fekk i snøskred ved Frudalshesten.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

30-åringen vart frakta ut av dalen med luftambulanse. Det skulle ta lang tid før han kom seg etter skadane. I byrjinga kunne han ikkje gå eller snakke. Framleis ber han preg av skadane han fekk den dagen. Men han er tilbake på ski.

– Det er den beste kjensla i verda, det er kjensla av å fly. Men no let eg ikkje ting vere opp til tilfella, og tek ingen sjansar med naturkreftene på den måten.

– Utruleg korleis han har kjempa seg tilbake

Tilbake i Frudalen syner han fram både baklengs salto og fine svingar nedover fjellet. Sjølv om han understrekar at dette er lett for han, er det klart at Andreas Vold nok ein gong er ein skikøyrar med store ferdigheiter.

Og redningsmann Stein Falsen Møller forklarer at det ikkje er sjølvsagt etter ei slik ulukke.

– Det er heilt uvanleg å kome tilbake på den måten. Det er utruleg å sjå på korleis han har kjempa seg tilbake.

Andreas Vold og Stein Falsen Møller i Frudalen

TILBAKE: Her syner Andreas Vold med staven sin kor han køyrde på ski då han vart teken av skred

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK