Hopp til innhold

Her står Frode på toppen av snøskredet: – Eg fekk ikkje tid til å bli redd

VIK I SOGN (NRK): Frode Brurås var på veg frå Bergen til Sogndal då bilen han køyrde blei tatt av snøskred på veg ned frå Vikafjellet.

Frode Brurås

PÅ FJELLET: Frode Brurås vart først stoppa av eit ras, før bilen vart teke av eit nytt ras. - Eg var på feil stad til feil tid, seier han.

Foto: Frode Brurås

Eg var på feil stad til feil tid, seier den sindige bergensaren, som fortel at det heile var temmeleg dramatisk.

– På veg ned Vikafjellet mot Vik var det gått eit ras framfor meg som gjorde til at eg måtte stoppe. Eg prøvde å spa vekk dette raset, men så kom det eit nytt ras som trefte bilen og knuste den mot autovernet. Då byrja det å bli ekkelt, seier Brurås.

Ras Vikafjellet

FIRE RAS: Det gjekk heile fire ras på kort tid. Eit av dei traff bilen til Frode Brurås som var på veg til Sogndal.

Foto: Frode Brurås

Totalt fire skred

Etter kvart kom det fleire bilar til staden og Brurås bad dei ringe vegtrafikksentralen.

– Då den eine sjåføren er på telefonen med vegtrafikksentralen går det eit ras bak han. Så går det fjerde raset. Då lurer eg på kvar eg skal gjere av meg, seier han til NRK.

– Ein bil er tatt. Sjåføren er kommen ut av bilen. Alt er vel med han, fortalde lensmann i Vik, Ove Andersen, til NRK.

Han meiner at raset er om lag to meter høgt og det dekkjer vegbana på riksveg 13. Vegen blir tidlegast opna att laurdag.

Bil teke av ras

TATT AV SKRED: Frode Brurås sat i denne bilen då det gjekk fleire snøskred på veg ned frå Vikafjellet.

Foto: Frode Brurås

Sterke krefter i sving

Frode Brurås fekk hjelp av ein brøytebilsjåfør som kom til staden.

– Eg fekk ikkje tid til å bli redd. Eg hadde eit mål om å rekke fem over to-ferja, men eg forstod at eg ikkje ville rekke ho. Eg følgde med for å sjå om det kom fleire ras, men det gjorde det heldigvis ikkje.

Frode Brurås blei tatt av snøskred på Vikafjellet

TRYGT NEDE: Frode Brurås frå Bergen var på veg til Sogndal då bilen han køyrde blei tatt av snøskred.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Er du overraska over kva krefter som er slike skred?

– Ja, det skal eg love deg. Eg er veldig glad i stå på ski og gå på toppturar, men eg fekk meg ei aha-oppleving då eg såg kva krefter som var i sving.

Raset skjedde mellom Storehaugtunnelen og Storesvingen, rett nedanfor fjellet Ovridseggi.

Vikafjellet