Hopp til innhold

Vêrkaos i vest: Her er tornadoen på veg rett mot turistane

Folk blei sjokkerte då den kraftige tornadoen sette kurs rett mot dei store gruppene av turistar på Nigardsbreen.

– Det kom veldig brått. Vi tykte det var voldsomt, for det var svært kraftig. Det var veldig fascinerende. Vi hadde akkurat tatt på oss stegjern og skulle entre breen då uvêret kom med mykje vind, regn og hagl, fortel Paal Carlsen til NRK.

Saman med eit turfølgje på fem personar måtte han søke ly for det brå uvêret som i ettermiddag råka indre delar av Sogn og Fjordane og dalføra rundt Jostedalsbreen.

– Det kom ein virvelvind rett over vatnet og svinga inn til den minste kaia vår. Den snudde heile kaia og tok med seg landgangen på land, så der var det plutseleg ikkje nokon stad å leggje til lenger, fortel båtførar Sigrid Gjelland til NRK.

Ho hadde akkurat tømt båten for turistar då den tornadoliknande vinden råka. Ho hadde akkurat lagt ut på vatnet igjen.

– Det skjedde på eit blunk. Eg såg regnet komme, så kom det ein del vind før tornadoen kom. Eg tenkte at der skal ikkje eg vere. Eg la meg litt lenger mot land, og heldigvis svinga den ikkje inn der eg var. Heldigvis var ingen av båtane inne ved kaia då den kom.

Andre som var i området fortel om dyvåte og iskalde turistar som på ingen måte var førebudde på det som skjedde.

– Det var heilt vilt. Stormen og regnet kom som lyn frå klar himmel. Vi sat ute i forteltet og skulle ete middag då uvêret brått røska til, fortel Janne Hogrenning Eimind på telefon frå Sande camping i Lodalen i Nordfjord.

Rundt ho ser ho utemøblar, fortelt til campingvogner og anna som ligg slengt rundt etter den kraftige tordenbyga.

HEFTIG VIND: Sjå teltet fly gjennom lufta ved Sande camping i Loen.

Lynnedslag har også ført til to skogbrannar ved Sognefjorden. Den eine brannen er på fjellet Haugsnosi på Skjolden, inst i Sognefjorden. Der stig det kraftig røyk opp frå terrenget.

– Situasjonen er at det har vore eit lynnedslag på om lag 1000 meter over havet over Skjolden. Der brenn det framleis i eit veldig utilgjengeleg område. Vi har bede om å få skogbrannhelikopter. Dette er veldig vanskeleg og krevjande å få sløkt utan, seier Roy Humlestøl ved Alarmsentralen til NRK.

I Lodalen kom blant anna to kajakkpadlarar seg opp av vatnet berre to minutt før den kraftige vinden kom ned til vatnet.

Kai Nigardsbrevatnet

RÅKA AV VIND: Denne kaia ved Nigardsbreen er normalt sett full av turistar. Vinden snudde den opp ned.

Foto: NRK-tipsar
Tre falt over bil i Lodalen

TRE FALT OVER BIL: Vinden røska med seg eit tre i Lodalen og gjorde skader på ein bil.

Foto: NRK-tipsar
Kaos på Sande camping i Lodalen

ØYDELA FORTELT: På Sande camping i Lodalen har dei no starta oppryddinga etter uvêret.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Skogbrann på Haugsnosi

SKJOLDEN: Lynet slo ned i fjellet Haugsnosi på Skjolden, inst i Sognefjorden, og terrenget har tatt fyr.

Foto: NRK-tipsar