Hopp til innhold

Investerer i kampen mot valdtekt: – Eg trur ein slik app kunne redda meg

Ho blei landskjend då tre menn blei tiltalt og frikjend for å ha valdteke ho. Dei blei likevel dømde til å betale erstatning. No brukar Andrea Voll Voldum pengane ho fekk etter rettssaka på ein app som skal hindre valdtekt.

Andrea Voldum

BRUKAR ERSTATNINGA PÅ APP: Andrea Voll Voldum brukar mykje tid og krefter i kampen mot valdtekt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Då eg høyrde om appen tvilte eg ikkje eitt sekund på at det var riktig å gjere det, seier Andrea Voll Voldum til NRK.

Voldum vart i 2016 kjend gjennom ei rettssak om det politiet meinte var ei gruppevaldtekt på Hemsedal. Tre menn vart frikjende i rettssaka, men samstundes dømde til å betale erstatning til Voldum. Det er 100.000 av desse pengane ho no investerer.

– Eg ville bruke pengane på noko viktig. Dette er noko eg kjempar for; å hindre at valdtekt skjer, seier Andrea Voll Voldum.

– Eg trur ein slik app kunne redda meg frå situasjonen eg var i, seier ho.

Går alarmen, følgjer venene med

Skjermdump av appen bSafe

APPEN: Slik ser appen bSafe ut, med moglegheit for vener til å følgje med om han blir aktivert.

Appen «bSafe» blir aktivert ved at brukaren seier ei setning som ho har lagt inn sjølv. Då går ein alarm, og vener som er knytte til appen får beskjed om kvar personen er. Samstundes byrjar mobilen å ta opp bilete og lyd. Då kan venene sjå kva som skjer via live strøyming, samstundes som alt blir teke opp for å dokumentere hendinga.

– Hadde eg hatt ein slik app, så trur eg at eg ikkje hadde blitt utsett for det eg vart utsett for. Då kunne eg ha sagt setninga då eg byrja å føle meg dårleg, og venene mine kunne ha sett kvar eg var og redda meg frå situasjonen, seier ho.

Appen er avskrekkande og kan gi bevis

Appen er utvikla i Noreg og allereie lasta ned over éin million gongar. Advokat John Christian Elden er bistandsadvokat for Voldum, og han er overtydd om at ein slik app kan bli avgjerande for utsette kvinner.

– Vi har fri bevisføring i rettssaker om valdtekt og overgrep. Alt som kastar nytt lys over hendingar og forløp, som lyd og biletopptak, vil gjere ein stor skilnad. Ikkje minst når to forklaringar står mot kvarandre – til dømes om det handla om frivillig sex eller ikkje, seier Elden.

– Eg trur dessutan at denne appen vil verke avskrekkande for potensielle valdtektsforbrytarar, legg han til.