Vest politidistrikt opplyser at dei fekk melding om ulukka klokka 18, og at alle naudetatar rykte ut til staden.
Helse Førde AMK melder at to luftambulansar og to ambulansar vart sende til ulukka.
– No er naudetatane framme på staden, og arbeider med å frigjere personen som sit fastklemt, seier operasjonsleiar Vibeke Næss klokka 18.45.
– Den fastklemte personen skal vere medviten, seier Næss.
Det skal ha vore tre personar i bubilen. Skadeomfanget på dei to andre i bilen er ukjent.
Klokka 19.06 melder Helse Førde AMK på Twitter at ei kvinne vert sendt til Haukeland sjukehus med luftambulanse etter ulukka.
Ein mann og eit barn sendast til Voss sjukehus i ambulanse.
– Dette er ei alvorleg ulukke. Vi kjenner ikkje skadeomfanget på kvinna som er sendt i luftambulanse. Vi har snakka med føraren av bubilen, og han seier at han mista bremsene, seier Vibeke Næss i Vest politidistrikt klokka 20.35.
Ulukkesgruppa til Statens vegvesen er på veg til staden.
– Det er ikkje så lenge til ulukkesgruppa kjem fram, og dei vil jobbe så raskt som mogleg for å få opna tunnelen, seier Næss.
Torsdag kveld opplyser Haukeland universitetssjukehus at kvinna er alvorleg skadd.
Vegen vart stengd på ulukkesstaden, og opna att litt før midnatt.