Hopp til innhold

Dritlei turistbæsj i naturparadis

LODALEN (NRK) Bæsj, dopapir og søppel. Bygdefolket betalar prisen for turistboomen.

Karin Sæten

SKREKKELEG: Karin Sæten er ei av fleire grunneigarar i området som har fått nok.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg tykkjer det er heilt forferdeleg, det er skikkelege ruer vi ser. Det er forferdeleg uhygienisk, det er uappetittleg og skrekkeleg.

Grunneigar Karin Sæten opplever ulempene av turistboomen på nært hald. Både ho og sambygdingane er uroa over det som skjer i Lodalen - dalen som vert vert rekna som eit av dei vakraste dalføra i landet.

Bileta herfrå sel Noreg som turistnasjon, og turistane strøymer til i tusental. Men det bileta ikkje syner, er den veksande skog av telt langs vegar og vatn.

Avføring i Lodalen

AVFØRING: Ein må passe seg for kor ein trakkar ved dei mest populære teltplassane.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Lokalbefolkninga har fått nok

Bilete frå Lovatnet i sosiale medium driv fram utviklinga. Dei siste to åra har telting tatt heilt av. I hovudsak unge nordmenn som vil utforske fjellheimen. Men kven som skal rydde opp etter dei har ingen tenkt på.

– Dette er folk som er bevisste på allemannsretten. Vi kan ikkje jage dei, men her er store problem, seier Sæten.

Elin Sande Beinnes

FORTVILA: Elin Sande Beinnes ved ein av dei mest populære teltplassane. På finversdagar kan det vere fullt av telt her.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ho får støtte frå sambygding Elin Sande Beinnes:

– Allemannsretten blir utnytta. Telta står lenger enn to døger, og det blir ikkje rydda skikkeleg.

Beinnes kallar det villcamping.

– Her er opp mot 25 telt samstundes. Skogen blir doen, ein kan sjølv tenke seg.

Beinnes seier lokalbefolkninga no vegrar seg for å bruke stranda like ved.

– Berre du flyttar ein stein risikerer du å møte på avføring.

Lodalen

LODALEN: Dette biletet frå Lodalen har pryda Times Square i New York

Foto: Erik Per.W Hermansson

Teltar i Lodalen

Kim Nicholai Nyhus Tveter og venegjengen nyt teltlivet.

– Vi skal ikkje ha dårleg samvit for å bruke allemannsretten. Folk må nytte seg av naturen, samstundes er det synd at det vert forsøpla, seier Nyhus Tveter. Han skulle gjerne sett betre løysingar.

Teltturistar i Lodalen

FRILUFT: Kim Nicholai Nyhus Tveter og Siri Delviken er på teltferie i Noreg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ovanfor fylkesvegen må ein passe seg for avføring.

– Det er jo eit problem at ein må bruke naturen til slikt. Då prøvar ein å gå på plassar som er minst mogleg eksponert for andre, seier Nyhus Tveter.

Teltliv i Lodalen

NYT NATUREN: Katrine Sæter og Helene Kværner seier dei alltid tar med seg søpla. Dei er blant dei mange som teltar langs vatnet i løpet av året.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Regjeringa: – Lokalsamfunna må ordne opp

Statssekretær Magnus Thue (H) i Nærings- og fiskeridepartementet seier allemannsretten er norsk kulturarv. Friluftslova set nokre avgrensingar, til dømes at folk ikkje teltar meir enn to døger utan avtale.

– Turistane strøymer til Noreg, det skal vi vere stolte av. Når det gjeld kven som skal rydde opp bør reiselivsnæringa finne eigna måte å finansiere det på. Til dømes gjennom frivillige spleiselag mellom private og offentlege.

Vurderer å ta rekninga og sette opp toalett

Ordførar i Stryn kommune, Sven Flo (H) vil ha på plass løysingar til neste år. Kanskje blir det spleiselag, men kommunen meiner også staten har eit ansvar.

– Turistane må finne seg til rette, og innbyggarane må ikkje føle at dei tilreisande blir ei stor belastning.

Lodalen med telt

LODALEN: Breng sæter er eit av dei mest kjende fotopunkta i Lodalen. Men telta kjem stadig oftare i vegen, meiner fastbuande.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Blir brått som ein campingplass

Karin Sæten er ikkje sikker på kva som skal gjerast:

– Det er vanskeleg å berre sette opp eit toalett, då blir dette brått som ein campingplass, og det vil vi ikkje.

Karin Sæten

RÅDVILL: Karin Sæten seier bygdefolket ynskjer turistane velkomen, men ho vil ha teltinga under kontroll.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK