– Vi likar oss godt i Florø, det er trist at vi må flytte, seier Amena. Søstera Aquelah nikkar. Det er dyster stemning ved Solbakken asylmottak i Florø.
I fjor kom 3546 asylsøkarar til Noreg, eit rekordlågt tal. UDI la ned 100 asylmottak berre i 2017. Prognosar viser at talet asylsøkarar vil bli verande lågt. I "rekordåret" 2016 var det 275 mottak i heile landet. I år viser berekningane at 32 vil vere igjen.
Florø driv asylmottak, norskopplæring og busetting av flyktningar gjennom eit kommunalt selskap, og fått mange lovord for drifta. Mottaket er eit av fleire etablerte mottak som no forsvinn.
– Vi er eit breitt fagmiljø som har jobba med det same sidan 1993. Når asylmottaket forsvinn, blir mykje rive vekk. Det er bittert at det blir rasert, seier mottaksleiar Bente Nygård.
Fryktar uro
Norsk organisasjon for asylsøkarar (NOAS) er bekymra for konsekvensane når erfarne medarbeidarar forsvinn i mottak etter mottak.
– Det kan utvikle seg eit negativt miljø og føre til uro og vald. Faren for det er større utan naudsynt kompetanse, seier seniorrådgjevar Jon Ole Martinsen i NOAS.
Han fryktar at mottaksapparatet ikkje vil vere rusta for ein ny, stor pågang av asylsøkarar.
– Vi ser gjennom fleire år at veldrivne mottak har unngått valdshendingar. Nettopp fordi tilsette har vore dyktige til å handtere og takle uventa hendingar som nesten dagleg oppstår.
– Kompetanse forsvinn
UDI erkjenner utfordringane ved å legge ned så mange mottak på kort tid.
– Mange forsvinn frå marknaden. Om vi klarer å få nye bedrifter, organisasjonar og kommunar til å levere tilboda i ein situasjon kor asyltala igjen går opp – er uklart, seier seksjonssjef Knut Berntsen i region- og mottaksavdelinga i UDI.
UDI styrer mot at minimum 85 prosent av plassane i mottaka på landsbasis skal vere i bruk.
– Vi ser at mange av dei med verdifull kompetanse no forsvinn ut. Men vi har gode opptreningsprogram for å bygge opp kompetanse igjen.
Fryktar framtida
Mottaket i Florø har vore i drift sidan 1993.
– Det er tungt og vanskeleg. Eg er redd for framtida, og spesielt uroa for den tre år gamle sonen min, seier Azeib Alemseged frå Eritrea.
Mottaksleiar Bente Nygård forstår frustrasjonen.
– Dei som bur her har funne seg godt til rette og fryktar no for framtida. Eg er spesielt uroa for barna som igjen må ut på flyttefot, seier Nygård.