Hopp til innhold

Fryktar for omdømet til Fjord-Noreg

Forsøpling, avføring og dårleg infrastruktur, det er nokre av problema som rekordsommaren for reiselivet på Vestlandet har ført med seg. No fryktar direktøren i Fjord Noreg for omdømet til regionen.

Flåm

FLEIRE TURISTAR: Flåm er ein av stadane som har hatt ei kraftig auke i besøkande dei siste åra.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Eg er redd for at det fokuset som har vore ikkje vil skape det gode, positive omdømet, som vi i større grad skulle hatt denne sommaren, seier Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Noreg.

Det har aldri før vore så mange turistar på Vestlandet, som i sommar. Sjølv om det gir pengar i kassa for reiselivet, fører det også med seg utfordringar.

I Bergen hopar dokøane seg opp, i Olden er ikkje infrastrukturen god nok, med berre eitt offentleg toalett og ikkje nok søppelspann, og i Lodalen er bygdefolket oppgitt over turistar som brukar skogen som toalett.

Skremmande konflikt

– Vi skal ikkje gløyme at reiselivet er utruleg viktig for oss og bidreg med stor verdiskaping og mange arbeidsplassar, ikkje minst i distrikta, seier Jørgensen.

Samstundes er han uroa over dei problema som har dukka opp denne sommaren.

– Vi må ta ein slik potensiell konflikt mellom lokalbefolkning og turismen på alvor. Dette skremmer meg veldig og vi kan ikkje komme i ein situasjon der vi er i opposisjon til dei vi bur og lever saman med. At dette skjer nokre stadar gjer at alarmbjøllene ringer kraftig.

Kristian Jørgensen

LEIAR I REISELIVET: Kristian Jørgensen er administrerande direktør i Fjord Noreg.

Foto: NRK

Han medgjev at veksten i turismen nokre stadar har kome overraskande på dei.

– For sju-åtte år sidan hadde vi prognosar for korleis veksten ville bli, men i enkelte område har det kome meir enn forventa. Vi må erkjenne at nokre område på visse tider av året har byrja å få litt for mange turistar, seier Jørgensen.

Krev at regjeringa kjem på banen

Jørgensen meiner at regjeringa må ta si del av ansvaret for dei problema som har oppstått i sommar.

– Konflikten vi har sett tendensar til i sommar, mellom lokalbefolkning og turisme, meiner eg at regjeringa og myndigheitene har hovudansvaret for å løyse, seier han.

Dokø i Olden

DOKØ: Irriterte turistar er resultatet, når det berre finst eit offentleg toalett i ei bygd med fleire tusen besøkande dagleg.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Gode løysingar finst lokalt

– I fjor sommar var det mykje snakk om forsøpling i Lofoten. Her har lokale initiativ gjort at ein har ein fått på plass ordningar, sånn at dei har mindre problem i år. Dette meiner eg ein bør lære av på Vestlandet, seier Magnus Thue (H), statssekretær i Næringsdepartementet.

Thue deler omdømme-uroa til Jørgensen, men meiner utfordringane først og fremst må løysast lokalt.

Magnus Thue

LOKALE LØYSINGAR: Magnus Thue (H) meiner at problema må løysast lokalt.

Foto: Marte Garmann

– Korleis vil regjeringa gripe fatt i dei utfordringane ein ser?

– Eg trur dei fleste gode løysingane finst lokalt og at lokale aktørar må sette seg ned saman og sjå på kva ein må gjere. Vi er villige frå regjeringas hald til å sjå på utfordringane som har vore i sommar og vurdere om det trengst nokre lovendringar, for eksempel når det gjeld cruisetrafikk.