Hopp til innhold

Fryktar resten av stammen blir utrydda

Mattilsynet sitt hastverk for å finne ut om skrekksjukdomen skrantesjuke framleis finst i Nordfjella, kan rasere heile villreinstammen som er att. Det fryktar lokale villreinforvaltarar som ber tilsynet roe ned.

Villrein i Lærdalsfjella

VIL SKYTE UT DEI STØRSTE: Ifølgje Mattilsynet har vaksne bukkar større risiko for å vere smitta av skrantesjuke, og dei ligg difor opp til å ta ut langt fleire bukkar enn simler i jakta på eventuell smitte.

Foto: Jan Christian Jerving

– Etter våre teljingar er det kring 130 vaksne bukkar i sone 2 i Nordfjella. Når Mattilsynet vil skyte ned minimum 107 bukkar, utgjer det mesteparten av storbukken, seier ein fortvila Harald Skjerdal, sekretær i Nordfjella villreinutval.

Berre veker før årets villreinjakt startar, kjem villreinutvalet og Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd med ei innstendig bøn. Bøna er adressert Mattilsynet og Miljødirektoratet, som blir bedne om å gå mindre drastisk til verks.

– Vi kan ikkje, på vegen mot kunnskapen om stoda, ofre stammen i seg sjølv, skriv villreinforvaltarane.

Vil skyte ned over 100 vaksne bukkar

Landbruksministeren sin ordre om å utrydde heile villreinstammen i sone 1 i Nordfjella vart møtt med både sinne og takknemlegheit.

Med mål om å hindre at den frykta dyresjukdommen skrantesjuke skulle spreie seg til nye område, og mogleg også til andre hjortedyr, skaut statlege jegerar i fjor vinter ut heile stammen.

Området skal ligge brakk i fem år, før planen er å bygge opp att ein ny villreinstamme. Tanken er at det skal skje med villrein frå området lenger sør på Nordfjella, sone 2.

Hallgeir Herikstad

ØNSKER FRISKMELDING: Hallgeir Herikstad i Mattilsynet seier dei raskast mogleg ønskjer å avklare og sone 2 i Nordfjella kan friskmeldast, eller ved oppdaging av smitte, sette inn tiltak så tidleg som mogleg.

Foto: Mattilsynet

Mattilsynet meiner det hastar med å avklare om villrein i området ber på skrantesjukesmitte. Allereie i haust ønskjer dei å vere 90 prosent sikre på at stammen er smittefri. I eit brev til Miljødirektoratet ber tilsynet difor om at det i år blir skote og teke prøver av minst 107 vaksne bukkar.

– Brevet er basert på faglege anbefalingar frå ekspertise i Veterinærinstituttet, Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Universitetet i Oslo. Det er våre fremste faginstitusjonar på området, og dei meiner det er forsvarleg å ta ut så mange dyr, seier CWD-koordinator i Mattilsynet, Hallgeir Herikstad.

Skrantesjuk villrein hjå Veterinærinstituttet

VIL TESTE FLEST MOGLEG BUKKAR: For å finne ut om villrein i sone 2 i Nordfjella ber på skrantesjukesmitte, skal det analyserast prøver frå både hjerne og lymfeknute på dyra som blir skotne under jakta. Biletet er frå tidlegare prøvetaking av skrantesjuk villrein på Veterinærinstituttet.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Fryktar resten av bukkane rømmer frå området

Villreinutvalet og villreinnemnda fryktar derimot at den omfattande nedskytinga av bukkar får dramatiske konsekvensar for stammen.

Harald Skjerdal

SKEPTISK: Harald Skjerdal i Nordfjella villreinutval er ikkje usamd i at det må skytast dyr, men meiner avskytinga med fordel kunne blitt fordelt over eit par tre år. – Slik kunne vi nådd same sikkerheita for at bestanden er frisk. Men det vil kanskje ta eitt år eller to lenger enn det Mattilsynet vil, seier han.

Foto: Privat

– Det vil gje ei kjønns- og alderssamansetning som er heilt uakseptabel for ein villreinstamme. Vi er heller ikkje sikre på om dei attverande vaksenbukkane vil finne simleflokkane når paringa nærmar seg. Dei kan like godt bli jakta så hardt at dei trekkjer ut av villreinområdet, seier Skjerdal i villreinutvalet og legg til:

– Vi må finne ut om dyra er friske. Om fem år, når vi ein skal flytte dyr over til sone 1, må vi vere 99 prosent sikre. Men det vi er usamde i, er at ein skal nå 90 prosent sikkerheit allereie i år. Det vil næraste rasere stammen slik vi ser det.

Villreinutvalet og villreinnemnda meiner også at Mattilsynet legg til grunn feil talmateriale.

– Om det skulle vise seg at noko er feil med talgrunnlaget som ligg til grunn, er det noko vi må sjå på og korrigere. Men under føresetnad at talgrunnlaget er rett, er anbefalinga at dette let seg gjere og at det er forsvarleg, svarar Herikstad.