Hopp til innhold

Grov i kulturminne frå romartida – no er han dømd på nytt

Bjarne Henry Hole er rasande etter at han er dømt til fengsel på vilkår og ei bot på 40.000 kroner for å ha grave i freda kulturminne på eigedomen sin.

Bjarne Henry Hole

SINT: Domen for brot på Kulturminnelova er både urettferdig og øydeleggjande, skriv Bjarne Henry Hole i ein e-post til NRK.

Foto: Svein Heggheim, Firda

– Domen er svært urettferdig og øydeleggjande, men eg er ikkje overraska. Eg har i realiteten ingen sjanse når staten går til sak mot deg og skal dømme deg, skriv Hole i ein e-post til NRK. Utover dette ønskjer han ikkje å kommentere saka.

Hole eig og driv Hole Traktor og Maskin på Byrkjelo.

I løpet av to månader våren 2015 grov han ei fleire meter brei sjakt ved traktorforretninga inn i den freda busetnaden frå eldre romartid.

Det er påvist ei kokegrop, ein eldstad og eit mogleg stolpehol i området. Funna skal stamme frå tidsperioden år 0 til om lag 450 år etter Kristus.

Fram og tilbake i rettsapparatet

Hole vart i mai 2017 dømt for brot på Kulturminnelova, men i oktober same år frikjend av Lagmannsretten. Høgsterett underkjende på si side lovforståinga, og saka vart send til ny behandling i Lagmannsretten.

Endeleg har Lagmannsretten no kome fram til at Hole likevel har brote kulturminnelova. Han er dømt til 45 dagar i fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år, og til å betale ei bot på 40.000 kroner.

Hole har heile tida vist til at gravinga hans ikkje er lovstridig fordi området er feilregistrert som «automatisk freda kulturminne». Han har hevda at det allereie ved registreringa i 2012 var klart at det ikkje finst kulturminne i det aktuelle området.

– Med forsett

Lagmannsretten er derimot ikkje i tvil om at gravinga som fann stad i 2015 var eigna til å skade kulturminne, både i form av direkte skader på eksisterande kulturminne og ved å gjere grunnen meir ustabil.

Retten viser også til at Hole utvilsamt har handla med forsett. Han visste at området var freda som kulturminne og at gravinga var eigna til å påføre kulturminnet skader, heiter det i domen. Det blir også vist til at Hole tidlegare har godteke ei bot på 30.000 kroner for å ha grave i området.

Skal lese dommen

Advokaten til Hole, Jan Kildahl, hadde måndag ettermiddag enno ikkje fått drøfta dommen med klienten.

– Klienten min er truleg veldig skuffa, seier Kildahl.

– Han opplever at han verken har trua eller øydelagt kulturminne. Han har gjort eit nødvendig arbeid i tilknyting til ein bygning på eigen grunn, og opplever å ha grave på eit område der det var grave allereie på 80-talet – og såleis umogleg kan ha øydelagt noko.

Kildahl vil lese dommen grundig og vurdere om det er punkt ein kan anke på.

– Høvet til å anke til Høgsterett er noko avgrensa. Om det kjem til å skje, må ein kome tilbake til.