Hopp til innhold

Gule rundballar får kreftsjuke Syver Olander (7) til å juble

ØVRE ÅRDAL (NRK): På veg heim frå cellegiftbehandling i Bergen måtte Syver Olander (7) stoppe for å ta bilete med dei gule rundballane. – Eg vil takke bøndene, seier han.

Syver Olander (7)

SEIER TAKK: Syver Olander blir glad når han ser at bønder støttar Barnekreftforeininga med gule rundballar.

Foto: Privat

– Eg vart glad då eg såg dei, for det betyr at dei støttar Barnekreftforeininga, seier Syver Olander Kvammen Heggestad.

Han er sju år og går i 1. klasse på Farnes skule i Øvre Årdal. Men han har ein litt annan kvardag enn mange andre førsteklassingar. For eit år sidan fekk han påvist akutt leukemi og ein gong i månaden må han reise til Haukeland sjukehus i Bergen for å få cellegift.

Det var på veg heim frå cellegiftbehandling på Haukeland, at familien køyrde forbi dei gule rundballane ved Voss.

– Vi høyrde tidlegare i vår at det skulle komme gullballar, så vi har gledd oss til å sjå dei. Det var veldig kjekt for Syver Olander, seier faren hans, Kristian Heggestad.

Syver Olander Kvammen (7)

PÅ VEG TIL SKULEN: Syver Olander var seks år då han fekk kreft. No går han i 1. klasse på Farnes skule i Øvre Årdal.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Eit stort og viktig bidrag

Det er Felleskjøpet Agri som har starta kampanjen med gule rundballar. Tidlegare har dei vore rosa og blå, i år er dei gule til inntekt for Barnekreftforeininga. Bøndene som kjøper plast i gult, gir eit bidrag til barnekreftsaka.

– Dette er eit veldig viktig bidrag til saka vår. Pengane som kjem inn skal gå til forsking og til saman så gir Felleskjøpet, bøndene og Trio plast 300 000 kronar til dette, seier Trine Nicolaysen, dagleg leiar i Barnekreftforeininga.

Ho trur det er mange som Syver Olander, som bli oppmuntra av å sjå dei gule rundballane.

– Vi veit at det er barn med kreft som synest det er veldig kjekt å bli møtt av dei gule rundballane. Også for dei som køyrar forbi på veg på sommarferie og som har vener som ligg på sjukehuset, kan det bety mykje, seier ho.

Sel «Slay cancer»-armband

Syver Olander starta i haust sin eigen innsamslingsaksjon til inntekt for Barnekreftforeininga. Gjennom ei facebook-gruppe sel han sjølvlaga armband og nøkkelringar. På armbanda står det «Slay Cancer».

Syver Olander Kvammen (7)

SLAY CANCER: – Det betyr bekjemp kreft, forklarar Syver Olander (7).

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Eg vil ikkje at nokon skal få kreft, så pengane skal gå til forsking, seier han.

Så langt har Syver Olander har samla inn over 50 000 kronar. Dette imponerer leiaren i Barnekreftforeininga.

– Det er veldig rørande at ein gut på sju år som er sjuk sjølv, har gjort ein slik kjempeinnsats. Det betyr utruleg mykje, både for saka og oss som jobbar i foreininga. Det er uvurderleg, seier Trine Nicolaysen.