Hopp til innhold

Han vil gjerne ha vestland.no – men det er det ein domenekonge som alt eig

Det nye fylket Vestland vil svært gjerne ha nettsida vestland.no. Problemet er at domenet er eigd av ein sunnfjording som ikkje har for vane å gje frå seg nettadressene han eig.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal i ein av del lange gangane på fylkesbygget i Bergen

ØVST PÅ LISTA: Vestland.no er det domenenamnet den nye fylkeskommunen aller helst vil ha, seier Rune Haugsdal.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Striden har stått høgt om det nye storfylket på Vestlandet, der Sogn og Fjordane og Hordaland no blir til Vestland i 2020. Særleg namnedebatten vekte stor merksemd.

Men no har sjefane i det nye fylket støytt på eit uventa problem. Nettadressa vestland.no er nemleg kjøpt opp av firmaet Norsalmon AS i Fjaler i Sunnfjord. Eit firma eigd av sunnfjordingen Terje Hatlem, som eig om lag 2500 andre domenenamn. Blant anna aker.no, fylker.no og feminist.no.

Hatlem sit på nøkkelen til at det nye Vestland fylke skal kunne få nettadressa dei lengtar etter. Men om han vil selje vestland.no er høgst uvisst. På nettadressa finn ein i dag annonser frå Google.

NRK har dei siste dagane gjort ei rekkje forsøk på å få Terje Hatlem i tale, utan å lukkast. Men fredag føremiddag sende han ein e-post til NRK. Der peikar han blant anna på at domenet vestland.no blei registrert i 2015.

– Lenge før at det vart kjent at det skal bli eit nytt fylke på Vestlandet og at dette skal heite Vestland, så registreringa av domenenamnet hadde ingen samanheng med det nye fylkesnamnet, skriv Hatlem.

I 2014 blei Terje Hatlem sine oppkjøp av nettadresser grundig omtala i avisa Dagens Næringsliv. Han låg då i namnestrid med Svein Joakim Moen. Moen hadde eit sterkt ønske om å bruke namnet movement.no til verksemda si, men domenet var det Hatlem som eigde. Avisa har snakka med fleire som har forsøkt å få hand om domener som sunnfjordingen sit på.

Hatlem er sterkt kritisk til korleis han blei framstilt i Dagens Næringsliv.

Norsalmon AS syner mellom anna til at Moen som sto fram i avisa med klagemål mot verksemda, i ettertid fekk sitt krav om overføring av eit domenenamn vurdert av Domeneklagenemnda, som avviste saka. Moen tok då kravet til Oslo tingrett, der han i 2015 lei fullstendig nederlag i den no rettskraftige dommen.

Terje Hatlem eig blant anna nettstaden fisk.no, der han er oppført som redaktør.

– Grenselaust naiv

I Dagens Næringsliv gjekk avisa grundig inn i verksemda til Hatlem. Sjølv ville ikkje nettadresse-eigaren seie noko til avisa utover nokre få kommentarar på e-post.

«Det er for øvrig bortimot grenseløst naivt å tro at gode generiske domener ville vært ledige for registrering akkurat når du måtte ønske deg ett av disse. Slik er det ikke i den virkelige verden», skreiv Hatlem til avisa.

Rune Haugsdal er prosjektleiar for samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland og framtidig fylkesrådmann. Han stadfestar at dei veldig gjerne vil få tak i domenet vestland.no.

– Vi sit på ein del domenenamn, men vi er spesielt på jakt etter Vestland.no. Så vi kjem til å ta kontakt der for å høyre om det er mogleg å få tak i det domenenamnet, seier han.

Skjermdump vestland.no

VESTLAND NO: Slik ser nettstaden vestland.no ut no. Det nye fylket Vestland vil gjerne ha sida som sin hovudportal.

Uvisst kva det kan koste

Kva pris dei er villige til å gi for eit godt namn, vil ikkje Haugsdal kommentere.

– Det synest ikkje eg er riktig å gå inn på, men vi kjem til å ta kontakt med den eller dei som har domenenamnet og høyre kva som er deira utgangspunkt. Så får vi vurdere om det er eit kostnadsnivå som vi er interesserte i å gå inn på.

Sjølv om dei har andre aktuelle namn til nettsidene, så er ikkje Haugsdal i tvil.

– Vestland.no er nok på førsteplass, stadfestar, Rune Haugsdal.

I ein e-post til NRK seier Terje Hatlem at han ikkje vil gå inn på kva kan bli deira krav eller standpunkt i ein mogleg forhandlingsposisjon mellom to partar.

I dag møtes fellesnemnda for det nye Vestland-fylket i Førde. Politikarane frå Sogn og Fjordane og Hordaland har med nettadressa vestland.no fått nok ei utfordring å jobbe med fram mot samanslåinga i 2020.