Hopp til innhold

Her får Eivind oppfylt sin mektige klatredraum

Tanken på å klatre Trollveggen skremmer dei fleste, men for kameratane Lars Mjaavatn og Eivind Nordeide opna det seg endeleg ein mogelegheit.

Fjell

VILT OG MEKTIG: Eivind Nordeide frå Askvoll på veg opp Norskeruta i Trollveggen.

Foto: LARS MJAAVATN

1700 meter over havet ruvar Trollveggen over Romsdalen. Står ein på bakken og rettar blikket opp mot fjellveggen, får til og med erfarne fjellklatrar frysningar. Er du først på veg opp, så har du ikkje mykje anna val enn å fortsette.

– Det er få sjansar til å snu. Ein redningsaksjon er veldig vanskeleg, seier Lars Mjaavatn.

I over 10 år har kameratane sett med beundring på det majestetiske målet sitt. Dei ville oppleve korleis det var å temme det trolske fjellet.

– Vi har prøvd fleire gonger, men det har aldri passa med vêret, seier Eivind Nordeide.

Ein junidag kom sjansen. Endeleg skulle dei få oppleve korleis det var å vere fritt vilt for tyngdekrafta i Trollveggen. Det var Norsk klatring som først omtalte saka.

Blei treft av blokk som losna frå fjellveggen

Natt til laurdag 9. juni var det tid for å byte familieliv ut med rå klatring. Den fine våren hadde gjort at forholda på Norskeruta var på sitt beste. 40-åringane var klare for å oppfylle ein stor draum.

Fjell

PÅ VEG OPP: Lars Mjaavatn og Eivind Nordeide på veg opp Trollveggen.

Foto: LARS MJAAVATN

– Ein må vere psykisk på hogget og vere fysisk god nok til å klatre lenge. Det er bratt heile vegen, så ein må vere konsentrert, seier Nordeide .

Dei starta på 50 meter over havet og jobba seg sakte, men sikkert opp til over 1000 høgdemeter. Kameratane skulle til topps, og dei skulle komme seg heim igjen. Plutseleg losna ei steinblokk frå fjellet.

– Steinblokka trefte Lars og han fekk eit kutt i låret. Vi fekk stogga blødinga, for det var ikkje noko alternativ å bli henta i veggen, seier Nordeide.

Fjell

NORSKERUTA: Norskeruta var den første ruta opp veggen.

Foto: LARS MJAAVATN

– Ein vil eigentleg berre komme seg vekk

Kameratane gir seg ikkje. På vegen opp susar basehopparar forbi i luftige svev. Lars skildrar turen på veg opp som heilt rå, men at ein på same tid eigentleg berre vil komme seg vekk frå fjellveggen.

Fjell

PÅ TOPPEN: Lars Mjaavatn nådde målet sitt 9. juni.

Foto: EIVIND NOREIDE

– Du er heilt aleine. Det er bratt og eit uendeleg juv under deg, men så vil ein meistre det å vere i ein dramatisk vegg, seier Lars Mjaavatn.

Etter 30 timar kjem dei fram til målet på 1700 meter over havet.

– Det rett og slett fantastisk. Det beste er når ein kan ta seg ein kopp kaffi og nyte utsikta, seier Eivind Nordeide.

– Kva sa dine næraste til heile greia?

– Kona mi var mest opptatt at eg ikkje var heime for å kunne skru opp nytt kjøkken, men det klarte ho fint sjølv, ler Nordeide.