Hopp til innhold

«Skam»-etterliknaren skal spelast inn på bygda

SANDANE (NRK): NRK og Rubicon skal no lage oppfølgaren til «Skam». Denne gongen med ungdomar frå bygda og ein ny vidaregåande skule som bakgrunn.

Elevar på Firda vidaregåande skule

GLER SEG: Erik Koopmans (17), Håvard Lothe (16) og Thea-Malen Fuglestrand (17) gler seg til at oppfølgaren av suksess-serien «Skam» skal spelast inn på Firda vidaregåande skule der alle tre er elevar.

Foto: Bård Siem / NRK

«Lovleg» er namnet på den nye serien som skal spelast inn på Firda vidaregåande skule på Sandane i Nordfjord. Ein del av temaet for serien er utfordringane ungdommane står i når dei flyttar ut av heimen og skal stå på eigne bein. Lokale ungdomar skal spele rollene i oppfølgaren til NRK sin største ungdomssuksess nokon gong.

– Det er utruleg spanande at oppfølgaren av «Skam» skal spelast inn på skulen vår, seier 16 år gamle Erik Koopmans.

Thea-Malen Fuglestrand (17) er einig.

– Det er veldig kjekt at denne serien skal handle og ungdommar som bur på landsbygda. Eg håper den blir like populær som «Skam», seier ho.

Fornøgd rektor

Rektor ved Firda vidaregåande skule, Hallgeir Hansen, gler seg til at innspelinga startar i juni.

– Det er spanande at vår skule er valt ut. Dei har truleg valt Firda vidaregåande fordi ein stor del av elevmassen bur på hybel, seier han.

Hansen fortel at om lag 40 elevar har vore på audition for å bli skodespelar i serien. Også elevar ved andre vidaregåande skular i Sogn og Fjordane har vore på audition. Innspelinga skal føregå i juni, juli og august på den eldste delen av Firda vidaregåande skule som vart bygd i 1923.

Hallgeir Hansen

OPNAR SKULEN: Rektor ved Firda vidaregåande skule, Hallgeir Hansen, er stolt over at Firda vidaregåande skule blir åstad for den nye NRK-serien. Innspelinga skal skje i den eldste delen av skulen som vart bygd i 1923.

Foto: Bård Siem / NRK

Den nye serien har fått arbeidstittelen «Lovleg», og har fleire likskapstrekk med megasuksessen «Skam», som hadde sin fjerde og siste sesong i fjor.

Både «Lovleg» og «Skam» er nettbaserte drama om ungdom på vidaregåande skule.

I motsetnad til «Skam» skal ikkje serien føregå i storbyen Oslo, men på Sandane i Sogn og Fjordane, der det bur i underkant av 3000 innbyggarar.

«Lovleg» er den store snakkisen på Sandane i dag. Alle meiner det er positivt at den nye serien skal spelast inn i bygda og alle gler seg til å sjå serien. Enkelte trur «Lovleg» vil gjere Sandane til ein meir atterktiv stad og at det kan føre til tilflytting.

Held mykje hemmeleg

Redaksjonssjef for TV og utvikling i P3, Håkon Moslet, stadfestar at P3 er i utvikling med ein ny nettdramaserie som skal heite «Lovleg ». Ut over dette vil han ikkje seie så mykje.

Kan du seie noko meir om planane?

– Nei, eigentleg ikkje anna enn at serien vil bli vist i løpet av 2018.

Liknar den på «Skam»?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere.

Elevar ved Firda vidaregåande skule

ALLE KJENNER ALLE: Erik Koopmans (17), Håvard Lothe (16) og Thea-Malen Fuglestrand (17) er glade for at den nye NRK-serien skal lagast med utgangspunkt i eit ungdomsmiljø på landsbygda. Alle kjenner alle på Sandane, noko som pregar ungdomskulturen, seier dei.

Foto: Bård Siem / NRK