Hopp til innhold

Hjartesjuke Agnar måtte vente på hjelp fordi han bur feil stad i landet

MÅLØY (NRK): Hjarteinfarktpasientar risikerer å døy eller få seinskadar for livet fordi dei bur feil stad.

Agnar Kupen

MINNER: Agnar Kupen frå Måløy i Nordfjord har lang veg til nærmaste regionsjukehus.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eit akutt hjarteinfarkt er ubeskriveleg vondt. Der og då hadde det eigentleg vore ei lette å berre få sleppe, seier Agnar Kupen.

Minna frå hjarteinfarktet for ti år tilbake er sterke for 60-åringen. Ventetida på hjelp var lang.

Det er store skilnadar mellom helseføretaka på kor raskt pasientar med akutt hjarteinfarkt får opna tette blodårer.

Medan berre 7 prosent av pasientane tilhøyrande Helse Førde får behandlinga innan anbefalt tid er landssnittet 40 prosent. I Oslo og Akershus får over 70 prosent optimal behandling, syner tal frå Norsk Hjarteinfarktregister.

I ambulansen fekk ikkje Kupen trombolyse, eit blodfortynnande medikament som løyser opp blodpropp i hjartet.

– Eg låg lenge i ambulansen, men dei hadde lite å hjelpe seg med, seier Kupen.

– For store skilnadar mellom sjukehusa

Professor og leiar for hjartemedisinsk avdeling ved Ullevål sykehus Sigrun Halvorsen, seier mange må vente altfor lang tid på hjelp.

Halvorsen har delteke i eit internasjonalt råd som har gitt nye retningsliner.

I ein fjerdedel av tilfella skuldast eit hjarteinfarkt ei heilt tilstoppa hjarteåre.

Det er i slike alvorlege tilfelle at utblokking skal skje på operasjonsbordet innan 120 minuttar, eller innan 10 minuttar med medikament, etter at diagnosen er stilt. Desse tidskrava vart skjerpa i fjor.

Sigrun Halvorsen

EKSPERT: Professor Sigrun Halvorsen

Foto: NRK

– Ved å opne blodåra så raskt som råd kan ein berge liv og redusere skadeverknadane, seier Halvorsen

Utblokking skjer berre ved dei store universitetssjukehusa, samt Arendal sykehus. Trombolyse kan derimot gjevast i ambulansen, ved lokalsjukehus eller på legevakt.

Andel hjarteinfarktpasientar med tett blodåre som får behandling innan anbefalt tid

Navn

Andel

Akershus universitetssykehus (N=144)

73.6%

Oslo universitetssykehus (N=183)

71%

Vestre Viken (N=126)

57.1%

St. Olavs Hospital (N=116)

56.8%

Sørlandet sykehus (N=97)

56.7%

Helse Bergen (N=156)

55.7%

Nasjonalt (N=2003)

40.3%

Sykehuset Vestfold (N=101)

39.6%

Universitetssykehuset Nord-Norge (N=88)

37.5%

Helgelandssykehuset (N=49)

32.6%

Sykehuset Innlandet (N=198)

31.8%

Helse Møre og Romsdal (N=103)

27.1%

Helse Nord-Trøndelag (N=58)

22.4%

Helse Stavanger (N=135)

21.4%

Sykehuset Telemark (N=75)

18.6%

Finnmarkssykehuset (N=46)

17.3%

Sykehuset Østfold (N=133)

16.5%

Nordlandssykehuset (N=67)

14.9%

Helse Fonna (N=66)

12.1%

Helse Førde (N=55)

7.2%

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: (Norsk Hjarteinfarktregister)

– Ser at pasientane kan få eit betre tilbod

Fagdirektør i Helse Førde Kristine Brix Longfellow vedgår at pasientane har venta for lenge:

– Det er utilfredsstillande at så få får behandling innan tidskravet. Sogn og Fjordane har lange reisevegar og dårleg ver. Vi har trudd at vi har fått pasientane til Haukeland i tide, men ting tek lenger tid enn vi trur, seier Longfellow.

Fagsjef i Helse Førde, Kristine Brix Longfellow

VIL BLI BETRE: Fagdirektør i Helse Førde Kristine Brix Longfellow.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

For å klare krava skal Helse Førde i haust innføre trombolyse i ambulansane. Helseføretaket har til no berre hatt tilbodet ved sjukehusa, i luftambulanse og redningshelikopter. Ein har også kunne rykke ut frå sjukehusa med trombolyse.

– Vi har vore forsiktige til no men det har skjedd ei rivande utvikling, og kompetansen i ambulansane er betre, seier Longfellow.

Størst skilnad mellom by og land

Raskast hjelp får folk i storbyområda, det uroar Sigrun Halvorsen.

– I mange deler av landet tar det for lang tid å få behandling. Det er fleire andre område som også bør innføre trombolyse.

Agnar Kupen er nøgd med at hjelpa no kan kome nærmare.

– Det er på høg tid. Det har gått veldig lenge å få på plass, seier Kupen.

Overleving 30 dagar etter hjarteinfarkt

2016

2016

Boområde for helseforetak

Andel

Pasientar

Nordlandssykehuset

93.1%

511

Sykehuset Østfold

93.1%

692

Universitetssykehuset Nord-Norge

92.1%

502

St. Olavs hospital

91.2%

694

Helgelandssykehuset

91.1%

309

Helse Bergen

91.1%

1040

Helse Møre og Romsdal

91.1%

722

Helse Nord-Trøndelag

90.8%

464

Helse Fonna

90.7%

549

Oslo universitetssykehus

90.6%

1282

Sykehuset Vestfold

90.4%

597

Vestre Viken

90.4%

1100

Nasjonalt

90.4%

13190

Sykehuset Innlandet

89.8%

1204

Sørlandet sykehus

89.8%

509

Sykehuset Telemark

89.6%

528

Helse Finnmark

89.4%

318

Helse Stavanger

88.4%

939

Akershus universitetssykehus

88.1%

931

Helse Førde

86.8%

283

Ekspander/minimer faktaboks

Overleving 30 dagar etter hjarteinfarkt. I fylgje Norsk Hjarteinfarktregister er det ingen skilnad mellom helseføretaka utover det ein kan vente ved tilfeldig variasjon.