Hopp til innhold

Jonas Gahr Støre til Ap-bastion for å roe stemninga

ÅRDAL (NRK): Avgjerda om å seie ja til Acer har sett sinna i kok rundt om i distrikts-Ap. I dag var Støre i partibastionen Årdal for å prøve og roe kritikarane.

Jonas Gahr Støre

UNDER PRESS: Avgjerda til Arbeidarpartiet om å seie ja til å leggje under seg det europeiske energibyrået Acer var ikkje populær i industribygda Årdal.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Det er alltid viktig for Arbeidarpartiet sin leiar å kome til Årdal, og det har eg gjort mange gonger før, seier Jonas Gahr Støre på veg ut av eit møte med representantar for tillitsvalde i industrien.

At Arbeidarpartiet var med på å sikre eit fleirtal for at Norge skal slutte seg til dei europeiske energimarknadane, har gjort mange partifolk irriterte på tradisjonelle industristader.

I Sauda og Haugesund får ikkje Hadia Tajik lov til å halde 1. Mai-tale.

Også i Årdal er folk sinte. I den vesle industrikommunen heilt inne i Sognefjorden, har Arbeidarpartiet vore det største partiet ved alle val sidan før krigen.

Dei siste tiåra har oppslutnaden vore på mellom 60 og 70 prosent. Men oppslutnaden ved stortingsvalet i fjor haust var historisk låg med 59,8 prosent.

Jonas Gahr Støre

KONTROVERSIELL: Vedtak Ap gjorde om å seie ja til Acer har vore kontroversielt i Årdal.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Fryktar høgare kraftprisar i industrien

Hjørnesteinsbedrifta i kommunen med litt over 5000 innbyggjarar, er aluminiumsverket til Hydro. Her fryktar folk at Acer skal føre til høgare kraftprisar for industrien.

– Og det er særleg difor vi er her i dag. For å forklare at vi framleis vil ha styring og suverenitet over våre eigne kraftressursar med det vedtaket Stortinget gjer, seier Støre.

Ap-leiaren meiner faktisk at tilknytinga til dei europeiske kraftmarknadane vil vere positivt for industrisamfunn som Årdal.

– For det vil gje oss sjølve tilgang til det store kraftoverskotet vi utviklar her i landet. I denne debatten har det blitt sagt ein del ting som ikkje stemmer, som at vi no skal gje frå oss råderetten over kraftinntektene våre. Det har det vore viktig for meg å rette på, seier Støre.

Hilmar Høl

EINIGE OM Å VERE UEINIGE: Hilmar Høl i Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner stemninga i Årdal no er betre,

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fleire av dei lokale arbeidarpartifolka meiner at stemninga har blitt betre no enn ho var.

– Vi må vere ærlege på at vi er einige om å vere ueinige, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Ap Hilmar Høl.

Også dei fagforeiningsfolka NRK prata med etter møtet med Støre i dag, var positive.

– For vår del har det eigentleg handla mykje om uvissa rundt Acer, så eg vil sei at eg vart berolega i dag, seier Andreas Bakken, leiar i Årdal Kjemiske Fagforening

Dette er Acer-saka.