Hopp til innhold

Har sløkt lyngbrannen ved Holvik i Vågsøy

Like før midnatt fekk brannmannskap kontroll over den store lyngbrannen som har herja i Holvik i Vågsøy.

Femti mann og eit helikopter er i arbeid, men brannvesenet har framleis ikkje kontroll på lyngbrannen i Holvik i Vågsøy.

SE VIDEO: Lyngbrannen i Holvik er ute av kontroll.

Måndag morgon fortel Siv Sørstrand ved alarmsentralen i Florø at det i natt har vore to personar frå brannvesenet og 12 frå Sivilforsvaret i området for å hindre at brannen skulle blusse opp igjen.

– No i morgontimane har brannvesenet i Vågsøy meldt at dei rykker ut igjen til området med sju nye personar, seier Sørstrand.

På det meste var femti mann og eit helikopter i arbeid før dei like før midnatt fekk kontroll på på lyngbrannen i Holvik.

Då NRK var i kontakt med alarmsentralen klokka 21.50 sundag kveld var situasjonen ein heilt annan og brannvesenet hadde då ikkje kontroll på brannen.

– Det brenn godt i eit område på rundt 105 mål, sa Sørstrand ved alarmsentralen i Florø då.

Ho fortel at eit brannhelikopter har dynka brannen med vatn rundt 45 gonger, og at det kjem til å halde fram med det fram til det blir mørkt. Då er det ikkje mogleg å fly lenger.

Så lenge vindretninga er slik den er no, er det ikkje umiddelbar fare for at brannen kan truge hus eller folk.

– På eit tidspunkt vart det vurdert å evakuere dei næraste husa, men det vart ikkje aktuelt, seier Sørstrand.

Brannen oppstod samstundes med ein annan lyngbrann i nærleiken av Måløy sentrum, men den er no sløkt. Brannen i Holvik har derimot synt seg å vere standhaftig.

– Brannen i Holvik er hissig, og spreier seg. Det er nordaustleg vind i området, noko som gjer at vi ikkje har kontroll der, seier Nina Andal ved alarmsentralen i Florø

Ved politiet sin operasjonssentral i Bergen fortel dei at både brannvesen, politi og ambulanse er ved brannstaden i Holvik.

– Den brannen er av eit større omfang enn den i Måløy, brannvesenet har ikkje kontroll på den endå. Den spreier seg, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Begge brannane har starta i høgspentleidningar

Brannen i Måløy var under 100 meter frå tett busetnad i Gate 7 i Måløy, og tett opp mot høgspentleidningar. Straumen er no kopla frå i store delar av sentrum.

Brannen i Holvik skal også ha byrja i høgspentmaster, og også der er straumen no kopla ut. Det er om lag 400 meter til næraste hus.

Brann i Holvik i Vågsøy

TETT PÅ HUS: Brannen i Holvik er tett på husa.

Foto: Eva Westvik
Lyngbrann i Måløy

BRENN: Dette er brannen i nærleiken av Måløy sentrum.

Foto: Eva Westvik