Hopp til innhold

Desse steinane vil det ta tid å få rydda vekk

Steinar store som hus må sprengast vekk før vegen på Høyanger sørside kan ryddast. Med ekstremt stor skogbrannfare må det gjerast svært forsiktig.

Steinar store som hus ligg i vegbana på fylkesveg 82 i Høyanger

MÅ TIL MED SPRENGSTOFF: Dei største steinane er så store at dei må sprengast opp i mindre bitar før dei kan ryddast vekk.

Foto: Høyanger brannvesen

SISTE MÅNDAG ETTERMIDDAG: Det vil ta kring to veker å rydde fylkesveg 92 på Høyanger sørside der det gjekk eit stort steinras søndag morgon. Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier at sjølve vegbana har kome rimeleg godt frå raset, men at det er store mengder stein som må flyttast og sikrast.

– Vi er nøydde til å ha tett dialog med brannvesenet når vi skal byrje på sprengingsarbeidet. Det er stor skogbrannfare, og vi må gjere vurderingar undervegs, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Eit stort fjellparti over fylkesveg 92 mellom Hest og Førde i Høyanger kommune rasa ut tidleg søndag morgon. Fjellblokkene vart knuste på veg ned mot fjorden og støvla eit stort område.

Etter at geologen i 14-tida vurderte området som trygt, er det gjort søk i området både frå lufta og med undervassutstyr. Ifølgje politiet er det ikkje noko som tyder på at personar eller biler vart tekne av raset.

Oppryddingsarbeidet vil først starte opp måndag. Det vil bli både vanskeleg og tidkrevjande og er venta å ta fleire dagar.

– No får vi fleire folk på plass i morgon, og så må vi planlegge dette arbeidet godt slik at vi får opna vegen så fort som mogleg, seier Finden.

Slik ser det ut etter steinraset i Høyanger.

SLIK SÅG DET UT: Det låg ei grå sky over heile området kort tid etter at raset gjekk i 7.40-tida søndag morgon.

Ikkje fare for at det skal kome ned meir

Han seier det ikkje skal vere fare for at det skal kome ned meir stein frå rasområdet.

– Utfordringa er å få rydda sjølve vegen.

Steinblokkene som må sprengast vekk ligg både i sjølve vegbana og i området over vegen. Før sjølve sprengingsarbeidet kan ta til må det også gjerast ei vurdering om blokkene ligg stabilt nok.

– Det er alltid ei uvisse knytt til stabilitet i blokkene i eit slikt skredløp. Vi må kanskje sprenge forsiktig, og det kan vere tidkrevjande.

Brannvesen i beredskap

Rasområdet mellom Hest og Førde i Høyanger sett frå fjorden

TRYGT Å GÅ INN I OMRÅDET: Geologen som har vurdert området søndag ettermiddag vurderer det som trygt for redningsmannskap og dei som skal rydde vegen.

Foto: Høyanger brannvesen

Det ekstremt tørre vêret har ført til svært stor skogbrannfare i heile Sør-Noreg. Også i rasområdet er det tørt, og det skal lite til før gneistar frå sprengingsarbeidet kan starte ein brann i terrenget.

Overordna brannvakt i Høyanger kommune, Jostein Nyland, seier dei saman med Vegvesenet vil leggje ein plan for korleis sprengingsarbeidet skal skje.

– Vi vil ha ei form for beredskap i nærleiken, det kan til dømes bli snakk om å leggje ut litt slangar i området og ha folk klare, seier han.

Umogleg å seie kor lenge vegen blir stengd

Når dei største steinane er sprengde vekk, og all rasmasse er rydda, må vegen fleire stader også byggast opp att.

– Kan ein seie noko om kor lenge vegen blir stengd?

– Vi kan ikkje seie noko om det før vi har fått lagt ein plan for arbeidet i morgon. Det kjem an på kor omfattande og vanskeleg arbeidet blir, men det vil garantert gå nokre dagar, seier Finden.

Store steinar ligg att etter raset på fylkesveg 82 i Høyanger

VEGEN ER KNUST: Fleire stader er vegen knust av dei enorme steinmassane som har kome ned.

Foto: Høyanger brannvesen