Hopp til innhold

Meiner Kloumann burde vore tiltalt for landssvik

– Sigurd Kloumann og resten av leiinga i NACO burde vore tiltalte for landssvik.

Sigurd Kloumann

I BEGGE RETNINGAR: Sigurd Kloumann gjorde det vanskeleg for påtalemakta fordi han handla i begge retningar. Han kunne samarbeide med tyskarane, der det var økonomisk pragmatisk nyttig, men samtidig kunne han vere imot Hitler sitt prosjekt, seier historikar Anette H. Storeide.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

Det meiner Anette H. Storeide, historikar ved NTNU i Trondheim, som i 2014 gav ut boka «Norske krigsprofitører - Nazi-Tysklands velvillige medløpere».

Sigurd Kloumann var ein av fleire norske industriherrar som blei ståande i ein skvis mellom det å vere patriotisk med Norge og tene store pengar på den tyske okkupasjonsmakta.

– Det mest alvorlege Kloumann gjorde var å gje tyskarane vital informasjon, både om NACO som selskap, om produksjonsmetodane deira og om norsk aluminiumsindustri generelt. Han hadde detaljkunnskap om korleis produksjonen kunne utvidast. Når han frivillig delte denne kunnskapen med tyskarane, gav han dei viktig hjelp til å vidareutvikle lettmetallprosjektet sitt i Norge, seier ho.

Anette Homlong Storeide

OVERRASKA: Det er merkeleg at ikkje Sigurd Kloumann vart tiltalt for landssvik, seier historikar Anette H. Storeide.

Foto: Marit Langseth / NRK

Kloumann samarbeidde tett med tyskarane i starten av krigen, men frå 1942 byrja han å tipse dei allierte kvar dei burde bombe i Tyskland. I Sverige viste han ei klar antitysk haldning. Korleis kan ein forklare dette?

– Det var slike situasjonar som ofte gjorde det vanskeleg for påtalemakta fordi personar handla i begge retningar. Ein kunne samarbeide med tyskarane, der det var økonomisk pragmatisk nyttig, men samtidig kunne ein vere imot Hitler sitt prosjekt.

Krigsprofitørar gjekk fri- passive NS-medlemmer straffa

Medan Kloumann og fleire andre norske industriherrar som hadde støtta nazistane økonomisk, og som hadde hatt personleg vinning på samarbeid med tyskarane, slapp straff, vart til dømes passive NS-medlemmer straffa. Mange måtte i fengsel. I tillegg mista dei røysteretten og mange måtte betale erstatning. På aluminiumsverket i Høyanger fekk alle som hadde vore NS-medlemmer oppseiing.

Storeide påpeikar at NACO på ingen måte var åleine om å samarbeide tett med tyskarane under krigen.

– Oslo-konsortiet som kjøpe seg inn i Norsk Hydro i 1941 var kanskje dei største norske krigprofitørane. Dette var ei samling av leiande norske skipsreiarar og folk frå finans- og samfunnseliten som fekk behalde aksjane sine heilt fram til 1970-talet. Dei tente store summar på dette, seier ho. Storeide viser til at også Norsk Hydro som selskap var ein stor krigsprofitør.

Meiner Kloumann var viktigare enn Eyde

Trond Aasland ved Industriarbeidarmuseet på Notodden meiner Kloumann sin store innsats for norsk vasskraft og industi har vore dyssa ned fordi han samarbeidde så tett med tyskarane under krigen.

– Dersom Kloumann ikkje hadde involvert seg i samarbeid med tyskarane under krigen, ville han vorte sett på som den viktigaste norske vassdrags- og industribyggaren i første halvdel av førre århundre, seier han.

Sigurd Kloumann saman med ingeniørkollegaer på Vemork

VEMORK: Den unge Sigurd Kloumann (nummer fire frå høgre) var sjef for ei rekkje eldre ingeniørar under kraftutbygginga på Vemork på byrjinga av 1900-talet.

Foto: Picasa

Lista over Kloumann sine oppdrag som industribyggar strekkjer seg fra Notodden, via Rjukan til Tyssedal, Sauda, Høyanger og Holmestrand. Den omfatter både kraftverk, damanlegg, forsøksfabrikkar, jernbane, aluminiumverk og videreforedling av aluminium. Han var med på utprøvinga av Eyde og Birkeland sin lysbueomn og ikkje minst spelte han ei sentral rolle under etableringa av Norsk Hydro.

Var Kloumann viktigare enn Sam Eyde?

– Sam Eyde var viktigare for Norsk Hydro, men Kloumann var viktigare for Norge, seier Aasland.