Hopp til innhold

Tause om tryggleik etter aksjon på oljerigg

Statoil vil ikkje seie noko om sjøsida på Mongstad er sikra godt nok. Torsdag tok to aktivistar seg problemfritt om bord på ein oljerigg via lettbåt berre fem kilometer frå råoljeterminalen til Statoil.

GP0STROIK Protest against Arctic oil at Equinor oil rig

AKSJONERTE: Det var på torsdag aktivistar frå Greenpeace gjekk til aksjon mot riggen West Hercules i Gulen. To av aksjonistane kom seg om bord på riggen og var der i tolv timar før aksjonen vart avslutta.

Foto: © / Greenpeace

– Vi føler det gjekk greitt. Vi hadde tidleg god dialog med både med aktivistane og objektseigar. Meldinga frå Greenpeace var at dei ville halde ein låg profil og opptre på ein måte som ikkje sette liv og helse i fare.

Det seier politioverbetjent Kurt Inge Hordvik i Nordhordland lensmannskontor.

Det var på torsdag at to personar tok seg om bord på riggen West Hercules ved Skipavika Næringspark i Gulen under ein aksjon i regi av Greenpeace. Med båt kunne personane enkelt ta seg til riggen og klatre opp på pongtongen, som er beina riggen står på.

I Vest politidistrikt sitt ansvarsområde er det fleire store olje- og gassanlegg som til dømes Mongstad og Sture. Politiet seier til NRK at det er objektseigar som er ansvarleg for tryggleiken til dagen.

Følger med

Er tryggleiken mot sjøsida på Mongstad god nok i dag?

– Eg ønsker ikkje å gå inn på vurderingar av ulike delar av anlegget vårt. Vi følgjer med på kva som skjer rundt anlegget. Vi har ansvar for å sikre vårt område og politiet har ansvaret for området utanfor, seier Morten Eek som er pressetalsmann i Statoil.

Morten Eek

STATOIL: Morten Eek i Statoil seier dei heile tida jobbar for å sikre anlegga best mogleg.

Foto: Statoil / Ole Jørgen Bratland

Er det naturleg for dykk å sjå på rutinane for anlegg som ligg mot sjøen etter aksjonen i Gulen?

– Det gjer vi heile tida. Av omsyn til tryggleiken kan vi ikkje seie noko om kva tiltak vi har gjort, seier han.

Eek seier dei i størst mogleg grad prøver å legge til rette for dei som vil protestere, aksjonere eller gje ytringar mot Statoil si verksemd.

– Så lenge slike aksjonar ikkje er til fare for liv og helse meiner vi det er legitimt at dei får høve til å aksjonere og seie meininga si, seier Eek.

Ikkje påverka av aksjonen

– Det var ingen fare då dei ikkje kom seg opp på sjølve riggen.

Dagleg leiar for Skipavika Næringspark, Lars Hellandsjø, meiner det ikkje var nokon fare knytt til aksjonen i går. Han viser til at aksjonen var retta mot riggen West Hercules og at tryggleiken er riggeigar sitt ansvar.

Lars Hellandsjø

INGEN FARE: Dagleg leiar i Skipavika Næringspark, Lars Hellandsjø, seier det ikkje var noko fare under aksjonen i går sidan aktivistane ikkje kom seg opp

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Iain Cracknell, kommunikasjonsdirektør i Seadrill, seier dei er nøgd med at dei to personane forlét riggen i går kveld. Sidan aksjonen ikkje skapte store utfordringar valde dei å ikkje tilkalle politiet.

– Aksjonen skapte ingen forseinkingar for oss sidan den vart avslutta same dag, seier han.

Greenpeace avslutta aksjonen torsdag kveld etter at dei fekk overlevert eit brev til kapteinen på riggen.