Hopp til innhold

Monsen fekk den perfekte avslutninga på Jotunheimen

– Heile lia var full av menneske. Det vart ei verdig avslutning på ein fantastisk tur ned Utladalen. Heilt rått.

Lars Monsen kjem til Vetti Gard

GODT SELSKAP: Turfølgjet til Lars Monsen kom søndag til Vetti Gard i Årdal. – Det har vore så kjekt, med så mange blide menneske. Og ikkje minst borna si boblande glede. Det er starten av turlivet deira, og der er mykje av løna mi, seier han.

Foto: Kaia Viki / NRK
Lars Monsen avrunda vandringa gjennom Jotunheimen då han kom ned Utladalen til Vetti Gard i Årdal.

Slik skildrar Lars Monsen mottakinga han fekk frå kring 400 frammøtte då han avrunda etappen gjennom Jotunheimen på Vetti Gard i Årdal.

Alle vil ha selfie med Lars Monsen på Vetti Gard.

SELFIEKØ: Mange av dei kring 400 frammøtte ville ta bilete saman med fjellmannen Lars Monsen.

Foto: Kaia Viki / NRK

– Det er jo overveldande og ein blir audmjuk. Utruleg positivt at ås mange tek turen opp for å ynskje oss velkomne ned frå fjellet. Det viser at folk bryr seg, seier villmarks- og ekspedisjonsfararen.

– Kan ikkje bli betre

Han har gått i ti dagar sidan han la ut frå Dyranut på Hardangervidda. Siste dagane har vandringa gått gjennom Jotunheimen, frå Bøvertun til Utladalen. I kveld blir Sommaråpent sendt frå Svalheim Gard i Årdal.

Lars Monsen intervjuar Eirik Pedersen Haraldstad

INTERVJUAR: Eirik Pedersen Haraldstad blir intervjua av Lars Monsen på Vetti Gard.

Foto: Kaia Viki / NRK

Med eit stort turfølgje på slep har Monsen for første gang traska gjennom Vest-Jotunheimen.

– Det å komme så tett innpå Hurrungane var heilt spesielt. Når du også får full klaff med vêret, så kan det ikkje bli betre. Det å få ligge i telt på Fannaråki i godvêr trur eg må vere ein gang i livet, smiler han.

Fekk kjempeblemme

Blant dei mange som bokstaveleg tala har traska i Monsen sine fotspor gjennom Jotunheimen, er Sissel Otnes. Frå Fannaråki har dei sett sola gå ned og opp.

Sissel Otnes

FELLESSKAP: Sissel Otnes fortel at det å gå over breen til Fannaråki var eitt av høgdepunkta på turen. – Men fellesskapet har vore utruleg kjekt, legg ho til.

Foto: Kaia Viki / NRK

– Det går ikkje an å skildre opplevinga. Turen har vore kjempefin, strålar ho om kapp med sola over fjellgarden og turisthytta i Utladalen. Men, det har vore slitsamt.

– Eg skulle gjerne halde fram, men no skal det bli godt å få lufte føtene i frisk luft nokre dagar så gnagsåra får lege seg, seier Otnes.

Inviterte til folkefest

Torunn Todal Laberg, styreleiar i Utladalen Naturhus og marknadsansvarleg for Vetti Gard, er ei anna som er stornøgd.

Torunn Todal Laberg

STOLT: Torunn Todal Laberg håpar fleire får augo opp for Utladalen og Jotunheimen som turområde etter å ha hatt Lars Monsen på besøk. – Det rotekte, norske friluftslivet, seier ho.

Foto: Kaia Viki

Dei inviterte til folkefest, men kan konstatere at Monsen og følgjet blir møtt av både årdølar og tilreisande – også frå utlandet.

– Men når du har desse kulissane og vêret som vi har hatt denne veka, så forstår eg godt at folk pakkar sekken og legg i veg, seier ho og er glad for å kunne gi både Monsen og det norske folk spektakulære opplevingar og bilete gjennom TV-skjermen.

Gler seg til Nord-Norge

På veg til eller frå Jotunheimen har turistar sidan 1875 fått både mat og overnatting ved turiststasjonen Vetti Gard. Laberg håpar på ringverknader når heile det norske folk får sjå bileta frå Utladalen.

For Monsen sin del, ventar no villmarka i Nord-Norge.

– No skal vi til ville, vakre Vesterålen. Det tek tid å omstille hovudet, men eg kjenner allereie no at eg gler meg til å komme nordpå, smiler han.