Hopp til innhold

Navarsete fekk sexmeldinga like etter gravferda til mora

Den famøse sexmeldinga som tikka inn på telefonen til Liv Signe Navarsete, kom berre eit og eit halvt døgn etter at ho hadde følgd mor si til grava.

Liv Signe Navarsete

TUNG TID: Liv Signe Navarsete krev orsaking etter ei grov melding på Messenger.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Eg fekk meldinga eit og eit halvt døgn etter gravferda til mora mi. Det gjorde at det slo ekstra hardt ned, seier Navarsete til NRK.

Det var Nationen som melde dette først.

– I ein sånn situasjon er ein ekstra sårbar. At meldinga kom rett etter gravferda er ekstra vondt, seier ho.

Meldinga blei sendt frå Facebook-kontoen til ein tidlegare Sp-topp under ein hyttetur med fleire sentrale Sp-politikarar, men ifølgje Navarsete var det ikkje eigaren av kontoen som sende meldinga.

– Då eg høyrde om hytteturen, så gjorde ikkje det saka enklare. Eg er sikker på at eigaren av telefonen ikkje har gjort dette.

Har du ei magekjensle på kven som har gjort det?

– Nei, det har eg ikkje, seier Navarsete.

No er det opp til generalsekretæren i Senterpartiet, Knut M. Olsen, til å gjere det han kan for å finne ut av kven som står bak meldinga.

– Eg har kontakt med alle dei involverte og har tett kontakt med Liv Signe. Folk skal vere trygge på at vi tek varslarsaker på det største alvor, seier Olsen.

Knut M. Olsen og Liv Signe Navarsete

ANSVARET: Knut M. Olsen har overteke ansvaret for å kome til botn i saka om meldinga til Navarsete.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Navarsete er glad for all støtte dei siste dagane. No ber ho nokon ta ansvar.

– Tek ikkje nokon eit ansvar for denne melding, så vil saka leve sitt eige liv vidare. Håpet mitt no er at generalsekretæren får avslutta dette på ein grei måte. Det er viktig for partiet sin del av dette vert rydda opp i, seier Navarsete.