Hopp til innhold

No trenar dei på at stupet ikkje skal ende i døden

LOEN (NRK): Minst ni menneske har mista livet i basehopping sidan 2013. Denne veka vart landets første kurs i vingedrakt-hopping arrangert.

FRITT FALL: – Det er på tide å ta litt ansvar for sporten. Prøve å skape gode kurs der nye hopparar kan lære og kanskje unngå å gjere dei same feila som vi gjorde, seier basehoppar Espen Fadnes.

Ti hopparar på kanten av stupet. Ti hopparar stikk høgre handa bak på ryggen, kjenner at ja, dei når tak i kula dei skal dra i så skjermen løyser seg ut. Dei sjekkar kvarandre. Så forsvinn dei, ein etter ein, ut i ingenting.

– Eg trur mange ser på oss som altfor risikovillig, egoistiske, at vi ikkje tenkjer nok på dei rundt oss. Det er noko eg trivest dårleg med, eg kunne ønskje vi kunne snu på det. Men då må vi vise at vi kan få ned talet på ulykker.

Espen Fadnes har hoppa ut i ingenting i 17 år. No vil han gjere sporten sin tryggare. Unngå å miste fleire venner. Det starta for to år sidan, då han såg basehopparen Laurent Frat lage ei sjekkliste for trygge hopp.

Laurent Frat i fritt fall

KURSLEIAR: Laurent Frat hoppar saman med ein kursdeltakar for å kunne filme hoppet.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Han har ei metodisk tilnærming til tryggleik. Eg tenkte at viss eg får med meg Laurent, så lagar vi eit kurs med fullt fokus på tryggleik og gode rutinar.

Denne veka samla det første kurset hopparar frå Russland, Norge, England og USA.

Ein tragisk start på året

Det er ikkje ei lita oppgåve moldensaren har teke på seg. 2018 starta på verst tenkjeleg vis for basehoppmiljøet. I januar omkom ein mann i 20-åra etter eit hopp i Eide kommune i Møre og Romsdal. Minst ni personar har mista livet i basehopp her i landet sidan 2013.

– Det er eit veldig stort ansvar å ha eit slikt kurs, det kjenner både eg og Laurent på. Men samstundes må ein ta ansvar. Viss vi erfarne hoppar på eiga hand, fordi vi berre stolar på oss sjølve, er det nærast ei fallitterklæring til sjølve sporten, seier Fadnes.

Gondolbana til 1010 meter høge Hoven i Loen trekker til seg hopparar frå heile verda. På kurset vert kvart hopp filma og studert. Deltakarane får ein til ein tilbakemeldingar. På kveldstid er det nye økter med teori.

Aldri utlært

Ludvig Felix Lorentzen har hoppa i seks år, men seier han aldri vert utlært.

– Etter eit veke med dette er vi meir bevisste på både sjekklister, det å vere gode mentorar for andre. Det er veldig viktig at vi kan hjelpe kvarandre, seie ifrå viss vi ser at noko ikkje er bra, seier Lorentzen.

Ludvig Felix Lorentzen

VIL BLI BETRE: Ludvig Felix Lorentzen håpar å få til 35 hopp i løpet av kursveka i Loen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Sidan 2013 har seks personar mista livet i luftsportsulukker i Aurland. I 2017 omkom ein mann og ein vart alvorleg skadd i løpet av ein time. Fadnes meiner likevel hopparane har endra seg.

Men kvifor halde på? Det absolutt tryggaste vil vere å ikkje hoppe.

– Om eg ikkje hoppar så er eg berre 70 prosent av meg sjølv. Eg er ikkje er eit heilt menneske viss eg ikkje kan føle fridomen i lufta.

Vingedrakthopparar på Hoven i Loen

SAMLING PÅ KANTEN: Basehopparane spår at Loen vil bli eit sentrum for basehopping fordi gondolbana gjer det mogleg å hoppe fleire gonger om dagen.

Foto: Silje Guddal / NRK