Hopp til innhold

Redaktør ber Navarsete legge ballen død

– Politiet har langt, langt viktigare saker å drive på med i Trøndelag, enn å finne ut kven som sende ei melding til Liv Signe Navarsete for to år sidan.

Magne Lerø

VIL IKKJE: Redaktør Magne Lerø har stor tvil til at politiet vil gripe fatt i saka, om meldinga til Navarsete blir meld. – Dette må partiet ordne opp i sjølve. Når dei ikkje har klart det, så får dei kjøpe seg løgndetektor og teste alle tillitsvalde.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Det seier Magne Lerø, redaktør i Dagens Perspektiv, om den grove meldinga som Liv Signe Navarsete fekk tilsendt i 2016.

I dagens leiar tek redaktøren til orde for at Navarsete bør legge saka død.

– Ho er den som er dårleg behandla og den einaste som har autoritet eller posisjon til å seie at no er det nok, seier Lerø.

Tema i sentralstyret

Det har storma i og rundt Senterpartiet etter at Nationen fortalde om meldinga. Meldinga vart sendt frå tidlegare statssekretær Morten Søberg sin mobil under ein hyttetur i Sverige .

På turen deltok ni andre menn, der åtte var sentrale politikarar sentralt og lokalt i partiet.

Alle som var på hytteturen nektar for å stå bak den sjikanerande meldinga . Fleire sentrale personar i partiet har bede avsendaren stå fram . Om ingen tek ansvar for meldinga, vil partileiar Trygve Slagsvold Vedum gå til politiet . I kveld blir meldinga tema i sentralstyremøtet i partiet.

– Skyt pianisten

Lerø seier at det var rett å ta opp saka, men meiner det no handlar om usemje og splid internt i partiet.

  • Les også:
Knut M. Olsen og Liv Signe Navarsete står ved siden av hverandre på en pressekonferanse

AVVISER: Liv Signe Navarsete (t.h.) seier ho ikkje har noko rolle i saka, utover at det var ho som varsla om meldinga.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Navarsete meiner at Lerø «skyt pianisten» når han ber henne legge ballen død.

– Eg har ingan rolle i denne saka lenger. Dette handlar no blant anna om nokon har brote med partiet sine retningslinjer. Eg har varsla, og no er det partiet som tek saka vidare og avgjer kva konsekvensar den eventuelt skal få, seier Navarsete.

Etterlyser plan-B

Måndag vart det klart at Ola Borten Moe fråtrer som nestleiar til saka om den grove meldinga er løyst. Han var også med på hytteturen.

Fylkesstyremedlem Marit Aakre Tennø vil vite kva partileiinga gjer om politiet legg vekk saka. Ho meiner bestemt at meldinga er meir enn fyllerør og trur den var meint for å ramme Navarsete.

– Kva skal denne plan-B vere? Vi må innsjå at vi ikkje finn ut av alle saker. Det er det sporet Senterpartiet bør følgje, og ikkje la saka bli større enn den har blitt, seier Lerø.

– Ein har lært mykje

Lerø meiner partiet bør akseptere at dei ikkje vil finne ut kven som sende meldinga.

– Slik er verda, slik må vi bu oss på at det er når det gjeld denne saka.

– Kva er lærdomen då til den som sende meldinga? At du slepp fri berre du held kjeft lenge nok?

– Lærdomen er at om ein gjer noko slikt, så blir det huskestove utan like. Det er blitt ei pinleg sak. Det er ingen oppegåande tillitsvalde i Senterpartiet som blir freista til å sende slike meldingar. Eg trur ein har lært mykje av dette allereie.