Hopp til innhold

Sauebonden Erlend tener 70 kroner timen

GAULAR (NRK): Norske gardbrukarar tener 100.000 kroner mindre enn industriarbeidarar og 230.000 mindre enn statstilsette. I dag legg bøndene fram krava sine overfor staten.

Erlend Brede Fossen

FORTVILT: Er det rett at bønder skal sitje igjen med langt dårlegare betaling enn alle endre yrkesgrupper, spør gardbrukar Erlend Brede Fossen. Ein rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi slår fast at sauebønder på Vestlandet tener 70 kroner timen før skatt.

Foto: Bård Siem / NRK

Sola tittar så vidt fram på Følling i Gaular i Sogn og Fjordane. Bøane er framleis brune og delvis dekte av snø. For to år sidan stod den splitter nye fjøsen til Erlend Brede Fossen til fem millionar kroner klar til bruk. Mykje av byggjearbeidet gjorde den tidlegare snikkaren sjølv.

– Då eg starta bygginga for tre å sidan var prisane på sau og lam ikkje så verst, men etter at regjeringa har stimulert til auka produksjon har prisane falle som ein stein. Eg føler meg lurt, Brede Fossen, som har ei snittløn på 70 kroner timen som sauebonde.

Bøndene tener klart minst

I ein fersk rapport frå Norsk Institutt for bioøkonomi (NIBIO) blir inntektsnivået i ulike yrkesgrupper samanlikna. Basert på dei ferskaste tala tilgjengeleg, går det fram at bøndene i 2016 hadde ei gjennomsnittleg inntekt på 330.000 kroner per årsverk før skatt.

Til samanlikning hadde industriarbeidaren ei inntekt på 440.000 kroner per årsverk. Tilsette i kommunane hadde 490.000 kroner, medan tilsette i staten tente 560.000 kroner per årsverk før skatt.

– Det er ei skam at inntektsnivået i landbruket ligg så langt bak andre grupper, seier Brede Fossen.

Seinare i dag legg bøndene fram kravet sitt og veka etter kjem staten med sitt tilbod i samband med årets jordbruksoppgjer. I fjor kravde bøndene 1,4 milliardar kroner i auka overføringar, men fekk berre 625 millionar.

Skuldar på bøndene

Landbrukspolitisk talsperson i regjeringspartiet Frp, Morten Ørsal Johansen, meiner det er bøndene sitt eige ansvar at det er overproduksjon.

– Regjeringa flytta tilskota frå det å berre ha sauer til leverte sauer til slakt. Det førte til at jordbruket ikkje klarte å balansere marknaden. Dette er næringa si eige ansvar, seier han.

Morten Ørsal Johansen, Frp

OPPGITT: Landbrukspolitisk talsmann i Frp, Morten Ørsal Johansen, er oppgitt over at bøndene krev stadig større overføringar frå staten.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Ørsal Johansen meiner det blir feil av bøndene å stadig krevje meir statlege midlar gjennom jordbruksoppgjera.

– Bøndene er sjølvstendig næringsdrivande som er ansvarleg for sine eigne inntekter. Eg er ikkje sikker på at inntektsnivået deira er mykje lågare enn andre sjølvstendig næringsdrivande, seier han.

– Ansvarslaust

Landbrukspolitisk talsperson i Senterpartiet, Geir Pollestad, meiner Frp er fullstendig ansvarslause.

– Overproduksjonen som har oppstått er i stor grad eit resultat av den blå regjeringa sin politikk. Det er utruleg å leggje dette ansvaret over på bøndene, seier han.

Geir Pollestad, Sp

PROVOSERT: Landbrukspolitisk talsperson i Senterpartiet, Geir Pollestad, meiner Framstegspartiet er fullstendig ansvarslaus i landbrukspolitikken.

Foto: Margret Helland

Pollestad meiner det er Stortinget sitt ansvar å redusere inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper.

– Stortinget har tidlegare slutta seg til at inntektsgapet skal reduserast og eg forventar dette blir følgt opp frå staten under årets jordbruksforhandlingar, seier han.

Korkje landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) eller nokon andre frå den politiske leiinga i Landbruksdepartementet vil kommentere saka.

Sauebonde Erlend Brede Fossen er i alle fall ikkje i tvil om at det må setjast hardt mot hardt i forhandlingane mellom bøndene og staten.

– Vi må ha langt meir i år, seier Brede Fossen bestemt.