Hopp til innhold

– Det er rett og slett litt vaksenopplæring

OLDEN (NRK): I Olden set lokalbefolkninga opp skilt for å hindre at turisttrakk øydelegg graset på bøane. Dei dårlege grasavlingane i år gjer det ekstra viktig å bevare voksteren.

Skilt i Olden

SÅG STIEN: – Vi såg stien og graset og trudde vi kunne gå der, seier den tyske turisten Owe Poeppinghause. Han og familien ville gå på andre sida tilbake etter å ha fått vite at dei trakka på gras som skal bli fôr.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Marka er forferdeleg nedtrakka. Dei lagar ein ny sti for kvart år føler eg, og dei går lenger og lenger innover bøen. Så vi kan ikkje slå graset, seier Silje Åsnes Skarstein i Olden.

På bøen hennar like i nærleiken av Olden kyrkje og sentrum av Olden, har det blitt ein tydeleg sti i graset etter turistar som har gått der.

– Det ser ikkje så dramatisk ut, men det har veldig mykje å seie. Særleg i år, med situasjonen knytt til vêret vi har hatt, seier ho.

Skilt i Olden

NYE SKILT: Ketil Finsås Hansen i kontaktutvalet i Olden og Oldedalen og gardbrukar Silje Åsnes Skarstein trur dei nye skilta vil fungere. Åsnes Skarstein har med dottera Oline Skarstein.

Foto: Silje Guddal / NRK

Opplæring

Løysinga kan ligge i nokre enkle skilt med bilete av ei ku i ei eng. Etter innspel frå Åsnes Skarstein fekk kontaktutvalet i Olden og Oldedalen med seg Nordfjord Havn på finansiering av skilta. Skilta har engelsk tekst som fortel at ein er i eit gardsområde, og med oppmodinga: Vennlegast ikkje gå i grasmarka, dyra treng maten sin.

– Det er rett og slett litt vaksenopplæring for å vise at dette er slåttemark. Dette blir fôr til dyr, og er ikkje ein plass å gå, seier Ketil Finsås Hansen i kontaktutvalet i Olden og Oldedalen.

Skilt i Olden

SET OPP SKILT: – Eg trur ikkje det skal meir til enn å forklare situasjonen, så vil folk forstå. Derfor er det nødvendig å setje opp nokre skilt for å vise kva det handlar om, seier Ketil Finsås Hansen i kontaktutvalet i Olden og Oldedalen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Han meiner det burde sjølvforklarande at ein ikkje skal gå i enga – men har samtidig forståing for at folk vil unngå trafikken på den nærliggjande vegen.

– Her er mykje trafikk, og mykje tungtrafikk. Det skremmer sjølvsagt gåande ut av den altfor smale vegen – utpå enga som heller ikkje er meint å gå på. Ein har valet mellom å trakke ned fôret til dyra eller vere altfor nær tung trafikk.

Unngår trafikken

Owe Poeppinghause frå Tyskland og familien hans er på ferie i Olden. Mens skilta er i ferd med å bli monterte, tek dei – som mange før dei – i bruk «stien» på bøen på veg bort til Olden kyrkje.

– Vi kan ikkje gå på vegen, der er mykje trafikk. Vi såg stien og graset og trudde vi kunne gå der, seier han, som saknar ein gangsti.

– Når vi går tilbake skal vi gå på den andre sida, seier han, som synest skilta var godt forståelege.

– Glad i turistane

Silje Årsnes Skarstein seier det stort sett berre er positivt med alle turistane som kjem til bygda.

– Vi er veldig glade i turistar, men det skulle vore betre eit tilbod rundt turistane, meiner ho.

No skal gardbrukaren legge igjen jorda, slik at stien blir borte. Ho håpar skilta kan berge meir av graset.

Nedtrakka sti i graset

TYDELEGE SPOR: Dei mange trakka i marka, har laga ein tydeleg sti på bøen til Silje Åsnes Skarstein i Olden.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi håpar skilta vil hjelpe neste år, slik at turistane ikkje går der fleire gonger.