Hopp til innhold

Eldre fritidsfiskar omkom i båtulukke

Ein mann i 80-åra er stadfesta omkomen etter ei båtulukke ved Totland i Vågsøy.

Leiteaksjon på Totland i Vågsøy

RETT VED LAND: Ein person vart frakta til Førde sentralsjukehus etter at han fall ut av ein båt ved Totland i Vågsøy. Livet stod ikkje til å redde.

Foto: Erling Waage / fjt.no

– Vi kan stadfeste at ein mann i 80-åra er stadfesta omkomen etter ulukka. Pårørande er varsla. Det er ingenting som tyder på at det var fleire i båten, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Dag Olav Sætre

Mannen var truleg på fisketur då den 14 fot store plastbåten gjekk rundt. Ulukka vart meldt i 15-tida måndag.

Meldingane og vitneobservasjonar på staden gjorde at det vart sendt ut både politi, ambulansar, redningsskøyte, dykkarar og helikopter til staden.

Då naudetatane kom fram til staden var to fritidsbåtar allereie i gang med søket.

Det er uvisst kor lenge mannen hadde ligge i sjøen då ulukka vart meldt.

– AMK fekk melding om at båten låg opp ned og at det var ein mann i sjøen. Det er ingen som har sett båten gå rundt, seier Sætre

Mannen vart funnen medvitslaus etter 10-15 minuttar søk. Trass forsøk på gjenoppliving, livet til mannen stod ikkje til å berge. Mannen vart frakta til Førde sentralsjukehus.

Totland, Vågsøy