Midt i det vakre landskapet i Colorado, med ville dyr, skogar, åsar og sletter starta marerittet for 50 år sidan.
Då blei det første gongen oppdaga dødeleg skrantesjuke på ein hjort. I dag finst sjukdomen i 25 statar og den er nær umogleg å stoppe.
– Jo fleire dyr som testar positivt, jo meir sannsynleg er det at det er forureining i miljøet som fører til eit varig problem, seier Todd Cornish, patolog og professor ved University of Wyoming.
Lang erfaring fortel han at sjukdomen ikkje berre smittar gjennom direkte kontakt mellom dyra, men også via bakken.
– Mi kjensle er at dersom det finst ti smitta dyr i eit mindre geografisk, avgrensa område så må du bekymre deg for at miljøet er forureina. Og at det vil føre til nye sjukdomstilfelle i framtida, sjølv om du brakklegg området.
Dei amerikanske forskarane har forståing for at Norge valde å utrydde villreinstammen i Nordfjella.
- Sjå dokumentaren Villreinens siste vinter om kampen mot skrantesjuka
Forsiktig optimist
I Norge blei sjukdomen oppdaga tilfeldig i 2016. I haust og vinter har det blitt skote nær 2000 villrein i den aktuelle sona i Nordfjella. Ei jakt som haustar lovord frå nokon og skarp kritikk frå andre.
Ved Colorado State University jobbar forskar David R. Edmunds. I 2013 tok han doktorgrad i forsking på skrantesjuke.
– Dersom Noreg har oppdaga sjukdommen på eit tidleg stadium, så trur eg det er mogleg å stoppe sjukdommen. Dersom sjukdommen har vore der i ti år, og Noreg ikkje var klar over dette, då kan ein drepe 1700 dyr og setje inn ein ny stamme – og så blir den nye stammen smitta igjen, seier han til NRK.
Fryktar at smitten blir liggjande
Planen til Mattilsynet er å byggje opp att villreinstammen i Nordfjella om fem år, men dei amerikanske forskarane trur at smitten kan liggje i jorda mykje lenger enn det.
– Forsking som er gjort på området kan tyde på at smitten kan leve opp til 16 år, utan å bli brote ned. Truleg lenger, seier David R. Edmunds.
I Norge lyttar dei til erfaringane frå dei amerikanske ekspertane, men håpar at ein ny og frisk villreinstamme kan kome på plass i Nordfjella.
– Vi baserer oss på dei råda vi får frå forskarane. Og vi har stilt dei same kritiske spørsmåla for å føle at vi har eit ansvarleg grunnlag, seier Karen Johanne Baalsrud, direktør for plantar og dyr i Mattilsynet.