Hopp til innhold

Hit, men ikkje lenger for den uheldige alpinisten i NM

André Nilsen hadde prikka inn toppforma til NM i alpint førre helg. Men meisterskapen gjekk ikkje heilt etter planen.

Andre Nilsen

Sjå korleis det gjekk med Andre Nilsen då han datt før første port på super-G i NM.

– Først var eg veldig sur på meg sjølv. Så vart eg flau fordi det var tv-sending. Det var første gang eg var på TV på ski faktisk, seier 20-åringen til NRK.

Med startnummer 60 på brystet gjer André Nilsen frå Hovden i Setesdal seg klar til å sette utfor.

Han har ambisjonar om å bli blant dei 30 beste i Super-G under NM på Hafjell. Konkurransen vert sendt direkte på NRK.no.

Han får klarsignal, men så går det gale. Allereie før han når første port er konkurransen over. På eit eller anna vis klarer han å ramle.

Han sklir nedover på magen og blir liggande.

– Eg hekta skia i snøen. Det var ei kjip kjensle. Når du først reiser til NM for å prestere er det ikkje det du ser føre deg, å liggje på magen før første port, seier han.

Andre Nilsen

Andre Nilsen satsar tungt på alpint. Men under NM vart det ikkje full klaff i super-G.

Foto: Privat

Møtt med latter

Han fortel at han har fått mykje merksemd etter rennet. Eit renn han ikkje ein gong fullførte.

– Det er mest latter. Mange syns det er gøy og for min del er det heilt greitt å le av slikt. Det er jo ein feil som blir gjort og som ein ikkje kan vere sur over i lang tid. Det er berre å le av i etterkant, seier han.

NM-rennet var dekka med til saman 14 kamera. Det var fotograf Per-Kåre Sandbakk som fanga opp fallet i startområdet.

– Eg tenkte at her hadde vi ein uheldig kar som kanskje følte seg litt dum. Så tykte eg litt synd i han også, seier Sandbakk og legg til at situasjonen også vart møtt med latter i produksjonsbussen.

– Det blei god stemning der, og dei følte fallet fortente ein «slow», seier han.

Andre Nilsen

Andre Nilsen representerer Hovden Sportsklubb.

Foto: Privat

Vil bli best i landet

Nilsen var ikkje den einaste som fekk trøbbel. Også Henrik Kristoffersen var nære på å køyre ut før første port.

– Det er eigentleg litt rart. For eg har aldri fått så mykje merksemd for god skikøyring som eg har fått etter dette, seier han.

Og det kan komme seinare. For fallet tek på ingen måte vekk motivasjonen hos 20-åringen. Tvert imot.

– Målet er å bli betre og betre. Eg har ambisjon om å bli ein av dei beste i Norge og trenar to gonger om dagen. Neste år går eg for topp 20 i NM, seier han.

Nilsen fekk med seg ein 32. plass på utforen under NM på Hafjell.

Henrik Kristoffersen

Også Henrik Kristoffersen fekk trøbbel ut frå start på Hafjell.

Foto: NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %