– Vi har jobba steinhardt. Det var ei utruleg revansjelyst etter Molde-kampen. Det såg ikkje bra ut. Med ny trenar inn og litt usikkerheit kring korleis vi skal spele kom seriepremieren litt tidleg, seier Sandefjord-trenar Magnus Powell til NRK.
Powell snakkar om flausa i serieopninga mot Molde der laget tapet 0-5. Og det såg mørkt ut også i Kristiansand. I alle fall ei stund.
Det stod 1–1 til pause i eliteserieoppgjeret i Kristiansand, etter at Start hadde teke leiinga. Det var Start som styrte det meste, og dei stod høgt i bana og pressa Sandefjord tilbake.
Men det skulle vise seg å ikkje vere så lurt.
Scora etter to minutt
Midtvegs ut i andre omgang kasta gjestene seg i angrep etter ein stor Start-sjanse. Ei silkepasning frå Håvard Storbæk enda hos svenske Pontus Engblom.
26-åringen som har bøtta inn mål i 1. divisjon, scora sitt første i Sandefjord-drakt då han dunka ballen i lengste hjørnet frå venstre.
Engblom hadde berre vore på bana i to minutt då han putta.
– Eg veit kva eg er god for og kva eg står for. Eg må berre bevise det, seier Engblom til NRK.
Ti minutt seinare straffa gjestene Start på nok ein hurtig overgang. Innbytar Mohammad Afkir trilla ballen til spanske Enric Vallès som sette fart og dunka ballen i mål til 3–1.
Sesongens første siger
Då Engblom la på til 4–1 seks minutt seinare var det definitivt punktum. Spissen snappa ballen enkelt ifrå Start-kaptein Simon Larsen.
Sørlendingane vart møtt med pipekonsert frå heimepublikummet då dei gjekk av bana.
– Vi må gå i oss sjølve. Dette er absolutt ikkje godt nok. Det er altfor dårleg, seier Start-kaptein Simon Larsen til Eurosport etter kampen.
Start-trenar Mark Dempsey ville ikkje deppe etter kampen, men innser at det unge Start-laget manglar rutine.
– Vi blir betre og betre. Vi må lære å kontrollere kampar, seier han.
– Ville det ha vore enklare å kontrollere kampen med meir rutine i laget?
– Eg trur du har rett. Sandefjord har Mjelde og Storbæk. Dei veit kva jobb dei skal gjere og er lojale. Det er vanskelegare for mine spelarar fordi eg ber dei vere meir offensive og kreative. Men dei vil lære, seier Dempsey.
Sandefjord tok dermed sin første trepoengar for sesongen.
Start gjekk på sin første smell denne sesongen.
Det var Kristján Flóki Finnbogason som sende heimelaget i leiinga 21 minutt ut i kampen. Håvard Storbæk utlikna for Sandefjord ti minutt før pause.